Sjangerila

Dagens leksjon (eigentleg fleire) kom til å handla mykje om sjangrar, som vanleg litt frå hofta. Eg har no alltid vore ein tilhengar av sjangerblanding og bastardisering, men let’s face it, viss der ikkje fanst sjangrar, hadde me ikkje hatt mykje å blanda. Bastardar finst berre i opposisjon til det reine, originalitet berre som eit brot med konvensjonar. Eller? Eg er ikkje heilt sikker på det siste, men ganske sikker på at mykje uoriginalitet kjem av at ein ikkje kjenner konvensjonane godt nok til å bryta dei. Det er ei velsigning å skulla undervisa i kunsten å skapa, heller enn lesa, når det kjem til dette spørsmålet. Eg spør klassen kva ein sjanger er, og får til svar: Det er når ein set noko i bås. Ja, seier eg. Ein set det i bås, for då veit ein at det er ei ku. Me gjev lesaren nokre nyttige hint om kva slags skapnad han har føre seg. Som lesar er det ikkje like opplagt at det er viktig å tenkja på sjanger. Kua er viktigare enn båsen, mjølka viktigare enn kua, osten viktigare enn mjølka, men før bonden kan selja ost, lyt han setja opp nokre båser. Eller i alle fall eit fjøs. Slik kan ein treffa låvedøra jamvel om ein skyt frå hofta.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s