Innanfor og utanfor

Det er mykje eg ikkje veit om det å vera lærar. Ein av dei tinga eg tidleg beit meg merke i, var at klassen eg handterar, har sitt eige rom, som dei har nesten alle timane sine i. Av tekniske grunnar har dei òg faste plassar, med kvar sin stasjonære arbeidsstasjon å jobba med. Og eg likar det slik. Det er viktig å skapa seg rom kring det ein gjer. Kvar morgon trer eg inn i dette rommet, helsar «god morgon» til dei elevane som er der før meg, startar opp arbeidsstasjonen som står på læraren sin plass, og loggar inn på systemet som registrerer kven som er der til rett tid og ikkje, og eg kjenner at me er på ein felles arena, med felles mål. Der finst ting utanfor dørene, men dei er fjerne nok til at dørene kan stå opne medan me gjer det me gjer der inne. Ein gong kom nokon inn midt i ein time, døra sto open, men dei stoppa ved dørstokken, usikker på og overraska over den konsentrerte stilla i rommet. Like overraska var nok eg over kor stolt eg kjende meg då eg ønskte dei velkomen inn. Ikkje så veldig ryddig, ikkje så veldig pent, men fylt av freistnader på å læra, frå dei halvgjorte skissene på billeg kopiark som ligg strødd utover bordet lengst bak, til dei hastig oppskribla stikkorda på tavla lengst fram. Eg likar klasserommet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s