På bærtur

Bloggen tek ein kort pause frå det oppsette temaet for å annonsera at blåbæra no er mogne i Finnmark. For skribenten, som tok sin bærpitlar-bachelor i sørlegare strok, er det uvand og nervepirrande å gå og venta til langt oppunder dei første frostnettene på at dei deilege, sunne bæra skal vera klare, og mange år vert det med draumen; frosten kjem først og let etter seg slappe, saftlause, blågrå sekkjer på lyngen. Til alt overmål har lauvmakken herja vilt i nokre av dei beste bærplassane dei siste åra, så det har vore magert. Men i kveld kom i alle fall fem liter trygt i hus etter ein kort tur i nabolaget, og held veret seg godt, kan det bli riktig mykje snadder å putta i frysen og på glas og flasker framover.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s