Å læra å læra. Ei prezisering.

Universitetet i Tromsø, institutt for lærarutdanning og pedagogikk. Om det er rett, slik tittelen på denne bloggen postulerer, at det å ikkje kunna, er kjenneteiknet på ein lærar, så skulle det her vera ein plass for avlæring.

Det er for tidleg å konkludera om dette etter ei veke med studier. Nei, ikkje ei veke med studier. Ei veke med «samling». Samlingane er likesom høgdepunkta i desentraliserte studier, men studiene er, som namnet seier, spreidd utover det heile. Avlæringa, om det no er det ein skal kalla det, skal gå føre seg i klasserom, på heimekontor, framfor PC-skjermar og på biblioteklesesalar over heile det vidstrakte landet dei kallar Troms og Finnmark, frå Harstad til Hesseng. På samlingane møtest ein. Rundt seksti vaksne menneske, dei fleste praktiserande lærarar med ei samla kompetanse som i breidd og variasjon langt overgår dei fleste studentgrupper. Det er stas, jamvel om gruppa kan synest uhandterleg stor. Jamvel faggruppa for norskdidaktikk er dobbelt så stor som nokon gong før, fortel den fagansvarlege. Javel, så kan lærarane for ein stund få kjenna korleis det er å slåst med medelevane om merksemd.

Praktisk pedagogisk utdanning, heiter det. Eg likar nemninga, sjølv om eg enno ikkje har noka klar forståing av kva det er. Studieobjektet er ikkje først og framst den rike og til dels vidløftige pedagogiske teorien, men meg sjølv og min eigen praksis som lærar. Sjølvoppteken som eg godt kan vera, er det fristande å skulle bruka to år på nærstudiar av meg sjølv, så å seia. Eller ein kunne seia at det er noko religiøst-mystisk inspirert ved dette, noko om å vera merksamt til stades i alt ein gjer. Ein kunne i alle fall seia at det var ein brukande orsaking til å vekkja til live denne sovande bloggen, ei tanke som har dukka opp med ujamne mellomrom dei siste månadane. Som om trongen til å seia noko har vakse sakte medan det var stilt. Slik trur eg det kan vera i mange klasserom.

Det same meinte fagleiaren for samfunnsfagdidaktikk, som starta dagen med å snakka om stilla etter læraren sitt spørsmål. Eitt og eit halvt sekund tek det, seier han, og eg skulle gjerne hatt ei kjelde å visa til her, men eg trur likevel det kan vera sant, at det tek eitt og eit halv sekund utan svar på eit spørsmål før eit gjennomsnittsmenneske oppfattar samtalen som over. Difor kjem impulsen til å svara på sine eigne spørsmål — eller stilla eit nytt — veldig fort når læraren spør ut i lufta, og ei søvnig stille senkjer seg over klasserommet. Denne stilla, tilrår den praktisk fokuserte rettleiaren, skal ein gjerne la herska i ti sekund. Og ikkje bryta med eit svar eller nytt spørsmål, men kan hende med eit hint. Enkelt, praktisk råd. Eg skal prøva.

Og eg skal prøva — eg hadde kan hende tenkt å visa det her, men det får verta seinare ein gong, presentasjonsverktøyet som vart introdusert for oss under same økt, Prezi. Eg veit enno ikkje heilt kva eg synst om det som presentasjonsverkty (bortsett frå at det ser morosamt ut), men eg er fascinert av det web-baserte grensesnittet Prezi nyttar. Og eg tenkjer at om det er nokon som er gode på presentasjonsteknikk, er det gode lærarar, for dei lagar presentasjonar for folk som i utgangspunktet ikkje er så interessert i det ein har å melda. Ikkje berre det, men ein lærar er medviten om at publikum er på ein annan plass, mentalt, språkleg og så vidare, enn han sjølv. Altfor ofte har eg sett presentasjonar som ser ut som denne.

Personleg har eg lenge vore ein stor fan av å teikna på tavla, i staden for å nytta ferdiglagde presentasjonar. Eg likar at spørsmål undervegs ikkje vert underordna, munnlege tillegg som snart er gløymt, men at dei kan inkluderast i den visuelle presentasjonen. Ja, eg er blitt glad i den gode, gamle grøntavla med kritt. Robust, enkel, fleksibel teknologi. Og på eit vis veldig likt Prezi, med det at ein jobbar parallelt, i planet, snarare enn sekvensielt, som med til dømes Powerpoint. Snart skal eg kan henda få ei elektronisk tavle i klasserommet, som eg håpar kan kombinera det beste av båe verder. For om eg er relativt god til å skriva tydeleg, er eg ikkje synderleg god til å teikna. Det bremsar presentasjonane mine på same vis som teknisk plunder tek livet av Powerpoint-presentasjonar. Ein vert ståande og fikla med kablar, skjermar, USB-sticks og brytarar, eller altså viskande og pyntande på strekmenn som ser meir ut som dei bryt det sjette bud enn det dei er meint å skulla gjera. Der er forresten eit anna punkt der ein kunne læra mykje av gode lærarar. Motsett det mange sikkert trur, er dei fleste, uansett alder, kjønn og fag, rasande gode på å få teknikken til å funka. For nok ein gong å referera til samfunnsfagdidaktikaren: Det er ein myte at elever har større IKT-kompetanse enn lærarane. Ikkje berre er lærarane mykje betre enn mange trur (sidan dei veit så inderleg vel og får høyra så inderleg tydeleg korleis det er for publikum å verta utsett for teknisk plunder), men elevane er mykje dårlegare til slike ting enn mange trur. Om dei er aldri så mykje oppvaksen med PC og nett, om dei aldri så mykje fekk smartmobil til sjuårsdagen. Eit born som er oppvaksen ved motorveien er ikkje av den grunn ein god sjåfør.

Men eg har sett, og det synest eg er stas, at i staden for å notera, sit nokre av elevane og fotograferer tavla undervegs og til slutt i forelesninga med mobilkamera. Då har dei lært noko, tenkjer eg. Og akkurat det har dei ikkje lært av meg.