Litt dikt

Sjølvmelding

Ein kan ikkje skriva fordi ein likar å skriva

Det er som om ein skulle grina

fordi ein likar å grina.

Eg skriv ikkje fordi eg likar å skriva.

Eg likar ikkje å grina, heller.

Men gjer det ilt nok,

så grin eg.

Og gjer det godt nok,

så grin eg.

Og di eldre eg vert,

di lettare grin eg.

Gjer det ilt nok,

eller godt nok,

og vert eg gamal nok,

så strekk ikkje orda til.

Då skriv eg.

Attende

Han vaknar opp, ganske seint, litt forvirra, usikker på kvar eller kven han er, men på det reine med at han framleis ikkje kan.

I grunnen, tenkjer han, er det stadig mindre eg kan enn det brukte å vera. Til dømes, tenkjer han, kunne eg ein gong skriva.

Om eg tenkte meg om lenge, kunne eg finna ut korleis eg ein gong gjorde det? Om ein ved gjentekne øvingar kan tileigna seg kunnskap ein aldri har hatt, kan ein òg, på same vis, vinna attende den kunnskapen ein ein gong har hatt?

Og han tenkjer at nei, slik er det ikkje. Har ein ein gong lært seg å sykla, så gløymer ein det ikkje (og difor kjem korkje ståhjuling eller el-sykkel til å verta nokon stor suksess, tross all velviljug omtale). Og du kan aldri igjen vita korleis det kjennest å ikkje kunne sykla. Du har gløymt fordi du har lært. Og av alt du kan gløyma, er det verste akkurat det: Korleis det kjennest å ikkje kunna.

Eg veit ikkje nok til å vita kvar den redsla kjem frå, for å freista å gjera det ein ikkje kan. Men eg tenkjer at det er redsla for å veksa, som igjen berre er eit forvarsel om redsla for å døy. Det som ikkje veks, kan ikkje døy. Den som ikkje rører på seg, kan ikkje stoppa. Den som ikkje lærer, kan ikkje gløyma. Han som ikkje kan, kan ikkje verga seg. Å kunna er å stå stille, å ikkje kunna, er ubønhørleg å vera på veg.

Der finst ingen veg attende, og vegen framover er ikkje merkt. Han går nok somme tider mellom eit juv på eine sida og ein fjellvegg på andre sida, men oftare gjennom eit stort, ope landskap med få landemerke og sketchy GPS-dekning. Om der skulle finnast eit mål, er det ikkje til å få auga på, anten det er skjult bak fjellet eller nedi juvet eller berre så langt unna at jordkrumminga gøymer det. Kan hende finst ikkje målet i det heile.

Han vaknar ganske seint, usikker på kvar eller kven han er. Men no er han i det minste òg usikker på kvar han skal.