Det der biletet

Frå ein av mine ivrigaste følgjarar¹ har det kome mild kritikk av biletet som følgjer delingar av bloggen min.

Eg må tilstå at eg likar det biletet. Eg kjenner meg att på det, og det er teke av ein knakande god fotograf. Det gjev gode minne om finnmarkssommar med vind og sol, poenglause fotturar i gold, einsformig natur strødd over med rustande krigsminne og saueskit. Eg likar sånt. Å vera ute berre for å vera ute.

Det er dessutan eitt av dei få bileta som finst av meg sjølv frå det siste tiåret med representativt uflidd hår og skjegg. Sjølfies har eg aldri vore spesielt god til, heller ikkje jamnleg barbering eller frisering. Og av ein eller annan grunn vert solbrillene mine alltid skeive. Kanskje mest av di eg alltid mister eller gløymer dei og kjøper det billegaste rælet som er å oppdriva på første og beste bensinstasjon.

Best av alt likar eg likevel bananane. Heilt utan å vera klar over det i augneblinken då biletet vart tatt, referer eg til ein favorittreplikk frå min favorittfilm «Mitt liv som hund«. Nokon må jo ta seg av bananane. Bananskalet i høgre hand representerer dei eldgamle, velprøvde humoristiske prinsippa, den halvspiste bananen i høgre hand, skrelt på menneskevis og ikkje slik apar gjer, representerer den fåfengde lengten attende til naturen og våre treklatrande forfedrar. Bananar symboliserer ting eg likar, som fred («Når det kommer en båt med bananer«), kamp mot undertrykkjing («Banana boat song«), godt skrudde frispark og eit par andre ting, som eg òg likar, men ikkje skal gå nærare inn på her.

Biletet er vald for å stå til tittelen på bloggen: Ein som ikkje kan. Eg vil nok hevda at eg, meir enn ofte elles, framstår på det biletet som ganske udugeleg. Men det står òg til undertittelen: Eg underviser. Å undervisa er, i mange samanhengar, eit spørsmål om å framstå slik ein faktisk er, eller om mogleg endå meir udugeleg. Om entusiastisk å halda fram døme som er verkelege og attkjennelege, plasserte i eit landskap som elevane òg kan kjenna seg att i. Om å gjera det kvardagslege meiningsfylt, og det tilsynelatande uforståelege kvardagsleg.

Eg kjem nok likevel til å byta bilete på eitt eller anna tidspunkt. For det er litt flaut. Og eg har tenkt å barbera meg snart.

1) Ja, det er mor mi.

Kommenter innlegget