Fugleperspektivet

Tabellen som finst nedst i denne artikkelen i Aftenposten har eg brukt mykje tid på. Lenge før Aftenposten trykte han. Det er ein oversikt over kva John Hattie i sin vidgjetne meta-meta-studie har funne ut har effekt på elevane si læring. Og eg er sjølvsagt nøgd med at ting eg likar, som «formativ vurdering», «eigenvurdering» og «læreplanprogrammer for kreativitet» er høgt oppe på lista, medan ting eg er skeptisk til, som «klasserepetering», «TV» og «hjemmelekser», havnar nede i sumpen.

Likevel må eg innrømma at eg vert litt betenkt når eg ser korleis denne tabellen vert brukt. Og jamvel om Hattie er ein framifrå og inspirerande forelesar (berre sjå på videoen i Aftenposten, eller opptak som er tilgjengelege andre plassar), vert eg endå litt meir skeptisk over å lesa at 500 skulefolk har betalt 4700 kroner per snute for å høyra kortversjonen av tabellen. Til samanlikning betalar eg (eller arbeidsgjevaren min, då) rundt halvparten for to heile dagar med foredrag på Nordiske Mediedagar i Bergen i mai, med dungevis av høgt kvalifiserte foredragshaldarar. «Guru» og «stjerne» er litt for dekkande ord, rett og slett.

Sjå på lista til Hattie ein gong til. Læraren sin fagkunnskap og talet på elevar per lærar er mellom dei tinga som havnar lengst nede på lista over ting som har «effekt». Sannsynlegvis ikkje av di dei ikkje er viktig, men av di lærarar har fagkunnskap, og av di elevtal er sett i isolasjon frå undervisningsmetodar (prøv å driva med formativ vurdering i ei gruppe på 130 elevar. I dare you).

Det blir litt som å måla effekten av tre låste dører mot ei låst dør. Det er nok målbart, om dei eksterne kreftene som vil inn er sterke nok eller veike nok, men det er nokså opplagt at kvaliteten på dør og lås har meir å seia enn mengden dører og avstanden mellom dei. Dette kan ein sjå på toppen av tabellen. Dersom spørsmålet vert kva læraren gjer, kan ein skimta konturane av kvalitetsskilnader gjennom dei mange laga med aggregering i Hattie sine studiar. Dei undervisningsmåtane som skårar høgast krev tid til kvar elev, og dei krev lærarar som kjenner faget sitt i djupn og breidd.

Endå meir nedslåande vert denne tabellen sin ikoniske status om ein ser på mellomskiktet av ting som har effekt. «Sosial ferdighetstrening» er til dømes nøyaktig midt på treet, i lag med «å redusere angst». Dette er altså, om ein skal bruka tabellen som planleggingsgrunnlag (og nokre skulebyråkratar er på det nivået), ting som ikkje har påvisleg effekt ut over det å halda fram som før.

Det verkar kontraintuitivt, for å seia det med ein av mine favoritt-eufemismar, at angst og sosial inkompetanse ikkje skulle vera til hinder for læring. Men frå tilstrekkeleg lang avstand kan eg akseptera at det ser slik ut.

Vidare: «Positivt syn på egen etnisitet» er under den magiske grensa på 0,4, og såleis frarådd, i alle fall i undervisningssamanheng. Sjølvhat er ikkje med på lista, men altså heilt greit, så lenge det er grunna i etnisk opphav. «Samhold i klassen» har like stor effekt som «fødselsvekt», men mindre enn «tidligere prestasjoner». «Sosioøkonomisk status» har positiv effekt, medan «kjønn» har negativ (nullpunktet er altså 0,4). Dette finn eg krevande å anvenda til noko som helst. Trøsten får vera at «omfattende undervisningsreformer» skårar like dårleg som «veiledning i testferdigheter» og berre såvidt over «personlighet». Føkk Pisa, der altså.

John Hattie har gjort eit fantastisk kartleggingsarbeid, men det er også nett det han har gjort. Å bruka nedkokte versjonar av eit forskningsarbeid som allerede er ei gedigen nedkoking av hundrevis av metastudier av tusenvis av einskildrapportar, krev same varsemd som når ein omgås andre sterkt konsentrerte produkt. Eller sterkt fortynna. (Eg skal ikkje nytta h-ordet her, men det er overraskande nærliggande).

Advertisements

Når eg er sint, høyrer eg på Bob Dylan

Eg var sint og oppgitt sist. No er eg berre sint. Nei, ikkje berre sint. Vreid. Og då tenkjer eg alltid på denne songen. Den sintaste songen i verda.

(Ja, eg veit det der er Eddie Vedder og ikkje Bob Dylan, men han gjer ein heilt fantastisk versjon, fylt til randen av det unge raseriet Dylan i si tid skreiv med).

Eg las om Ahmad i dag, ein ung mann frå Vadsø, som eg ikkje kjenner spesielt godt. Likevel: Ein av våre. Ein av dei altfor få menneska i denne nærast folketomme utkanten av verda. Og dum og nyfiken som eg er, kom eg i skade for å lesa kommentarfeltet under artikkelen. Då vart eg sint, og det likar eg dårleg å vera. Det er ikkje min stil. Men eg er redd det må til.

For å parafrasera Jens Bjørneboe: Nokon gongar er det berre Bob Dylan som er jævlig nok.

I hope that you die,

and your death will come soon.

I’ll follow your casket

on a pale afternoon.

I’ll watch as you’re lowered

down to your deathbed

and I’ll stand over your grave

till I’m sure that you’re dead.

Kva i faen er det som går av folk? Lasse Jangås i Nordlys skriv med beundringsverdig ro og distanse om folk som hatar døyande menneske. Eg greier ikkje det.

Det er ikkje oppsiktsvekkande at der finst rasistar. Ein kan argumentera overtydande for at me som art er predisponert for rasisme. På same måte som me er predisponert for valdtekt, kannibalisme og andre ufyselege ting. Me har det i oss, men me dyrkar det ikkje. Trudde eg.

Likevel finn folk altså på å ikkje berre tenkja, men skriva, under fullt namn og i full offentlegheit, at andre menneske fortener å døy av den enkle grunn at dei er fødde ein annan plass enn her. Fordi det ville truga samfunnsordninga vår om dei overlevde og busette seg midt iblant oss. Medan dei fleste (heldigvis) spør seg korleis og kor fort ein kan hindra at fleire menneske går under på veg over Middelhavet, er det eit stort og høglytt mindretal som meiner at dei berre kan drukna. Eller at dei skal hjelpast «der dei er», som best kan samanliknast med å sløkkja ein brann utan å bry seg om å prøva å berga folk ut av det brennande huset. Når brannen er sløkt, er dei tross alt trygge. Og mest sannsynleg daude.

You that hide behind walls,

you that hide behind behind desks;

I just want you to know

I can see through your masks.

Kjære folk. Nei, stryk «kjære». Når det gjeld folk som det der, så er eg metaforisk heilt på line med Dylan. Eg vil stå der og sjå på, forsikra meg om, at dei vert borte. Samfunnet vårt er fundert på det at menneske kan og skal flytta på seg. Samfunnsordninga vår er fundert på at me anerkjenner kvarandre sin rett til å leva. Når me ikkje lenger gjer det, er det ingen fare forbunde med å invitera om så heile jævla IS, føkkings Boko Haram og satans Al Quaida hit, med alt dei har å by på av gamalmodig militærteknologi og innbitt vilje til faenskap. Me har så ettertrykkjeleg svikta våre eigne ideal at dei ikkje kan gjera meir skade. Om dei skulle finna på å drepa nokon (her, altså), ville det vera etter nøyaktig same kriteria som dei som meiner at nokon fortener å drukna i Middelhavet. Me er fødd på feil plass, og fortener å døy.

You hide in your mansions

while young people’s blood

flows out of their bodies

and is buried in the mud.

Endå meir urovekkande: Òg dei som overlever, må leva med desse haldningane. Dei som kjem seg ut av ein uhaldbar situasjon og prøver å starta på ny, langt frå vener, familie og øvrig nettverk, skal måtta høyra på dette. Der finst altså menneske her i landet som, i tillegg til å måtta handtera sakn og traume, lever vegg i vegg og side om side med folk som seier høgt at dei ikkje ville ha løfta ein finger for å redda dei om dei var i ferd med å drukna.

There’s one thing I know

though I’m younger than you

even Jesus would never

forgive what you do.

Desse menneska, som nokon altså meiner ikkje ein gong har rett til å leva, er med stor sannsynlegdom dei same som tek seg av deira gamle mor når ho vert for sjuk til å bu åleine. Det er dei som serverer dei nattmat og køyrer dei heim frå byen når dei er for fulle til å gå sjølv, og som har spylt oppkastet deira frå fortauet før dei er oppe igjen neste morgon. Det er kanskje dei som lappar dei saman når dei har havna i slåsskamp i drosjekøen, og kanskje dei som har programmert appen dei nyttar til å spre hatet sitt. Eller dei er kanskje trygdesnyltande, konemishandlande khat-tyggjarar av siste sortering. Det spelar inga rolle. Dei har uansett same rett til liv som rasisten i nabohuset.

Let me ask you one question:

Is your money that good?

Will it buy you forgiveness?

Do you think that it could?

I think you will find

when death takes its toll

all the money you made

will never buy back your soul.

Eg kan forestilla meg korleis eg ville hatt det viss eg visste at naboen ønskte livet av meg. Men i motsetnad til mange menneske på flukt, ville eg visst at det var paranoide vrangforestillingar.

Dette er ikkje ein haldbar situasjon.

Ti tusen. Pytt.

Eg skal prøva å skjula det, men eg vert litt sint og oppgitt. Slik ein gjer andsynes elevar som sluntrar unna eller born i trassalderen generelt. I motsetnad til overfor elevar og andre born, finn eg det likevel på sin plass å vera litt sarkastisk.

Men altså: Framstegspartiet finn det vanskeleg å svelga at det går mot fleirtal på Stortinget for å ta inn 10.000 syriske flyktningar (over to år) for å avhjelpa ei humanitær krise av sjeldne proporsjonar.

5000 i året, der altså. Som vil kosta mange milliardar, påstår Framstegspartiet. Og Arbeiderpartiet, for den del, jamvel om deira tal er lågare. Til dømes til skule, barnehage og helsetenester, som me heldigvis slepp å betala for dersom dei som brukar det er norske statsborgarar og kvite i huden. Då er skule, helse og barnehagar berre fint. Vel anvende pengar.

Lat milliardane liggja eit lite bel, og tenk heller på talet på menneske. 5000 kvart år. Det er ganske mange. Det er bortimot fullt hus i Oslo Spektrum, men ein dårleg dag på Brann stadion. (Det er òg eit dehumaniserande rundt tal – kva for slags humanitære grunnar kan rettferdiggjera at talet ikkje er 9998 eller 10014 – men det får vera ein diskusjon til ein annan gong). Desse 5000 skal altså ha ein plass å vera i ein kommune. Om ein, heilt hypotetisk, smører dei heilt jamt utover dei drygt 400 kommunane Noreg består av, vert det altså 12 syrarar per kommune.

Kva slags kommune er det du driv viss du ikkje har plass til tolv uventa gjestar? Seriøst. Eg kunne husa tredjeparten hjå meg sjølv, inntil dei fann seg noko betre på eiga hand, og eg har sannsynlegvis den minste einebustaden i Vadsø kommune (og dei ville framleis bu betre enn i ein leir i Libanon). Det er jo ikkje snakk om ein gjeng med fåmingar. Dette er (for ein stor del) arbeidsføre, oppegåande folk.

Eg er søren meg langt frå sikker på om eg sjølv har dei menneskelege ressursane det krev å komma seg ut av eit slikt helsike som me (gjennom våre folkevalde og deira folkevalde igjen) har lete Syria utvikla seg til. Så om du bytta meg ut med ein syrisk flyktning, hadde det nok i samfunnsrekneskapen måtta telja som inntekt.

Og i fall nokon skulle hugsa det: Ja, eg har offentleg teke til orde for at Vadsø kommune skal redusera ambisjonane når det gjeld busetjing av flyktningar. I dag er det årlege talet på flyktningar som vert busett i Vadsø 90. Om det var representativt for landet som heilskap, kunne Noreg teke unna rundt 75.000 flyktningar. Kvart år. Det er i overkant. 10.000 over to år er peanuts. For oss, men ikkje for dei.

Nokre ord om kuken til John Oliver

Av sentimentale (og andre) grunnar hender det eg prøver å følgja den offentlege samtalen i USA, som har degenerert til eit nivå der kritisk journalistikk er overlate til komikarar, medan nyhenderedaksjonane er travelt opptekne med å fotfølgja Justin Bieber eller utkjempa små slag i «the culture wars». Det er lett å le av dette (dei er komikarar, for svarte), men det er òg litt trist.

For det skjer her, òg. Og ulikt USA, har vi ikkje spesielt mange komikarar til å ta over når journalistane sviktar, eller får sparken, eller vert «forfremma» til kommentatorar eller ikkje orkar meir og får seg ein betre betalt og meir bekvem jobb som informasjonspushar.

Eller, det vil seia, vi har jo drøssevis av komikarar, men dei er ikkje spesielt gode. Eller spesielt engasjerte i noko som ligg meir enn ein kuklengde frå deira eige liv. Og det er heilt greit. Komikarar skal ikkje ha det ansvaret. Eg hadde vore meir enn nøgd om dei greidde å få meg til å le. Sånn av og til.

Men det er greit. Eg treng ikkje å le, heller, i grunnen. Det er sikkert ikkje så mykje å le av der ute. Men eg skulle gjerne visst meir om det. Alt det umorosame. Og då meiner eg ikkje det meiningslause. Dei store katastrofane, talet på drepne (med oppdateringar utover kvelden) i dagens åtak i ein krig som har vart i førti år, det siste ordskiftet i ein debatt som har vart like lenge. Heilt utan samanheng. Jamvel eg har vel for faen ikkje følgd den krigen eller den debatten i førti år, kan de ikkje vera så snille å fortelja meg kva i h… som foregår?

Der finst framifrå journalistar i norske medier enno. Som greier å finna historier som er meiningsfulle og fortelja dei på ein måte som gjev meining (akkurat det der grepet med bilde av eigen kuk har eg ikkje sett før, men ellers har det vore mykje fint). Ingen nemnd, ingen glemt. Men dei vert altså færre, og komikarane vert fleire. Utan at verda med naudsyn vert eit morosamare sted av det.