Slutten (og det som kjem etterpå)

I dag var siste skuledag for elevane, og eg kjenner at eg saknar dei allereie.

Eg har vore lærar lenge nok no til at eg har byrja tenkja i skuleår framfor kalenderår, så august er altså neste år. Og neste år vert annleis. Eg har ei slags von om at det vert annleis på ein god måte, men eg kjenner meg langt frå trygg på det.

Dagsrevyen i dag vart det fremma kritikk frå Elevorganisasjonen mot at det er for mykje dilling no på tampen av skuleåret. Dei har heilt rett. Og dei tek heilt feil.

Kvifor? Fordi karakterane for året er sett. Me er ferdige med pensum. Det er ikkje meir å henta for dei ambisøse (som synest å dominera elevorganisasjonen) eller å mista for dei meir avslappa (som synest å dominera elevmassen). Nokre få stakkarar skal enno gjennom ein munnleg eksamen, men for det meste trør både elevar og lærarar luft desse siste dagane før ferien.

På Vadsø vidaregåande skule tok dillinga i år form av ei veke med den slags undervisning eg er mest begeistra for: Dei som kan noko, viser korleis ein gjer det til dei som har lyst til å læra noko. Ingen karakterar, ingen læreplanar. Difor kallar me det «kurs» og ikkje undervisning. Dobbelt-tydinga av ordet «kurs» er relevant her. Læring eller retning.

Det vart arrangert kurs i ting som bridge, golf, selfie-knipsing, photoshop-triksing, meitemark-fisking, salsa, yoga og hjertekompresjon. Ting som ikkje står i nokon læreplan, men som du neppe kjem til å angra på at du lærte deg. Ting lærarane kan, ikkje av di dei har dei naudsynte kvalifikasjonane for å vera lærarar, men av di dei har eit liv utanom jobben og noko dei brenn for.

Om eg kunne velja, var det ein slik skule eg vende attende til i august. Ein som ikkje handla så mykje om kva elevane ikkje kan, men meir om kva dei har lyst til å læra. Meir om kva lærarane verkeleg har lyst til å formidla, enn om kva Utdanningsdirektoratet meiner absolutt alle skal kunna (men ikkje like godt. Helst langs ei fint forma normalfordelingskurve frå ein til seks).

Eg trur kanskje det hadde vore eit betre svar på problemet med «fråfall» (eit omgrep eg i mitt før-lærar-liv trudde var reservert for religiøse samfunn) enn den prosentgrensen for fråver som no er undervegs. Sjukdom til sides: Viss det er meir attraktivt å liggja heime i senga enn å vera på skulen, er det skulen som må skjerpa seg.

Advertisements

Det flyktige

(Dette er eit slags offentleg idenotat til ein artikkel eg tenkte å skriva, så om nokon har innspel, er det fint om dei kjem med dei)

Eg har vore på litteraturfestival. Det er ei underleg oppleving. Jamvel folk som jamnleg jobbar meir med litteratur enn eg gjer, eller jobbar meir jamnleg med litteratur enn eg gjer, fortel om ei liknande erfaring: Plutseleg er ein omgjeven av folk som faktisk er interessert i litteratur. Det er elles noko ein syslar med i einsemd, anten ein les eller skriv. Slik sett er dette noko ganske anna enn den førre «festivalen» eg deltok på, for mediefolk. Og stemninga er ganske annleis.

På fredag slengde eg meg på eit seminar som kritikarlaget heldt på med under festivalen, om framtida for litteraturkritikk, som eg fekk inntrykk av at dei ville gje heller middelmådige terningkast, og ikkje utan sakleg grunn. Men eg var der no mest for å få prata med nokon eg ikkje hadde sett på lenge, og eg har ikkje drive med litteraturkritikk på mange år.

Eg snakkar rundt grauten. Det eg ville fram til, var at ho eg ikkje hadde sett på lenge, presenterte ein tanke som gav attklang. Nemleg ideen eller teorien om «Gutenberg-parentesen», ei uvanleg fin formulering, utan at det av den grunn vert ein uvanleg god ide eller teori. Kort oppsummert eller rettare, parafrasert: Med trykkekunsten vert boka etablert som eit (det første) massemedium, der ein avsendar kommuniserar til, men ikkje med, mange mottakarar. Ein får altså etablert forfattaren som instans, og lesinga som ein aktivitet. Ein aktivitet som i sin natur er passiv og, ikkje minst, privat.

Dette har endra seg. Dette har endra seg attende til den andelege tilstanden frå før Gutenberg si tid. Skriving og lesing er knytt saman i digitale media, og båe har vorte offentlege. Digitale tekstar vert til i eit samspel, slik munnlege overleveringar og ikkje-trykte bøker var det.

Det spesifikke emnet denne gongen var litteraturen. Boka har jo, for å seia det forsiktig, vore eit viktig medium for litteraturen. Og med masseproduksjonen av bøker oppstår òg ei standardisering, ei temming. Så for litteraturvitskapen (og kritikken) vert det eit problem når litteraturen vel andre medium enn boka eller tidsskriftet.

Pussig nok kom denne teorien opp som eit tema samstundes som eg driv og tyggar på «Uroens bok». Eller rettare: På ein av versjonane av «Uroens bok». For denne boka finst ikkje, og har aldri funnest, i nokon standardisert, endeleg, definitiv versjon. Opphavsmannen har òg gjort seg flid med å problematisera forfattarinstansen. Så alt er ikkje Gutenberg sin feil. Mykje av trangen til å standardisera, setja i bås, kategorisera og katalogisera ligg på mottakarsida.

Biblioteka, til dømes, treng sine ISBN-nummer og sitt Dewey-system, si alfabetisering og kategorisering. Eller gjer dei det? Eg tenkjer på… mange ting. Eg tenkjer på middagen før mønstringa av slam-poetar førre fredag kveld. Gjennomgangstonen i samtalen: Me veit ikkje heilt kva me driv med. Me vil berre gje noko til dei som er der, og få noko att.

Eg har lese dikt mange gongar. Ofte har folk spurt etter tekstane. Denne gongen let eg dei ligga att på golvet når eg var ferdige med dei. Tekstane er ikkje viktige. Dei er berre blekk på ark. Neste gong eg les dei, er dei annleis. I den grad det skjer noko under ei lesing, eller ein slam, skjer det der og då. Du kan lesa tekstane, du kan sjå på videoopptak, men du kjem ikkje unna å vera der.

Eg tenkjer på det (heilt overflatiske) inntrykket eg har av at visuell kunst til dels har gått i motsett retning. Institusjonen avgjer om noko er kunst eller ikkje. Litteraturen er ikkje heilt der enno, jamvel om forlaga likar å tru det. Og som i litteraturen, finst der døme på visuell kunst som vil ut av maskina, mest tydeleg representert av anonyme gatekunstnarar.

Det har berre lukkast sånn passe, med tanke på korleis institusjonane verdsett til dømes ein «ekte» Banksy (korleis kan eit pseudonym vera ekte?), men det har gjeve kunstopplevingar til veldig mange, og eg trur det var eit viktigare poeng enn å «utfordra institusjonane».

Der finst kunstartar som ikkje berre utfordrar institusjonane, men som ignorerer dei, som om forlag, galleri, museum, kinoar, teaterscener var irrelevante. Som om kunsten var noko som høyrde til det «vanlege» livet. For ein kan jo ikkje leve av det om ein ikkje kan selja det gjennom vanlege kanalar.

Men det har altså vore fleire tilskodarar på dei slam-arrangementa eg har vore på enn der finst private kjøparar til dei aller fleste diktsamlingar som vert gjeve ut.