Gratis som i øl

Amerikanarane har meir erfaring med rå kapitalisme enn oss, og har utvikla nokre ståande uttrykk som reflekterer dette. Til dømes: «You don’t have to do nothing, except die and pay your taxes», «there’s no such thing as a free lunch» og min personlige favoritt «free as in beer» (som motsetnad til «free as in speech»).

«Gratis øl» er for øvrig namnet på ein teatergruppe i Tromsø som innsåg den openberre fordelen det var å ha «Gratis øl» med store bokstavar på alle plakatar når dei først skulle gjera noko.

Men eg digrerer. Eg ville skriva om gratisprinsippet i norsk skule. Det er eit nokså strengt prinsipp, som eg har måtta forhalda meg til ofte som lærar, men sjeldan (såvidt eg kan hugsa) som elev. Den gongen eg gjekk på skulen (den vidaregåande) kosta det pengar. Me laut kjøpa skulebøkene sjølv, og betalte ein god slump av busskortet som frakta oss att og fram. Men utfluktene fekk me gratis, og dei var gode og lærerike.

Nok gamalmannspreik.

Gratis skule er eit sosialistisk prosjekt. Underleg nok har det tydelegvis rydda veg for ei storstilt privatisering av alt ved skulen som ikkje er direkte knytta til fagplanane. Foreldregrupper arrangerer avslutningsfestar, klasseturar og andre sosiale tiltak som berre den mest flisespikkande spissfindikar kan finna på å meina ikkje har med skulen å gjera. Men skulen vender det blinde auga til. Så lenge deira tilsette ikkje er med, er det «ikkje i skulen sin regi».

Eg har veldig lyst til å lika ei slik utvikling. Det er viktig at foreldre engasjerer seg i ungane sin skulegang. Men der finst elevar som ikkje har foreldre. Der finst foreldre som ikkje har råd eller tid til dugnadsinnsats for klassetur til London eller Polen. Vi har allereie ein skule som forsterkar klasseskilje, og eg kjenner at eg er usikker på om ikkje denne måten å organisera utanom-faglege aktivitetar på bidreg til nett det.

Det er gratis å ha born i skulen i Noreg. Og eg er redd det gagnar mest dei som allereie har råd til det. Eg synest skulen burde ta regi.

Russerne er her.

Slik ser det altså ut frå Akersgata: Putin vil ha ein bit av Finnmark. «Den nye trusselen fra øst», skriv Frithjof Jacobsen om.

«Norske militærstrateger frykter at Russland i en presset situasjon kan gå inn i Finnmark for å beskytte sine atomvåpen i nord,» skriv han. Det er med respekt å melda tøys. Dei våpna har vore der lenge. Dei vert ikkje betre forsvart av å spre russiske styrker ut over eit grunnleggjande uforsvarbart viddelandskap vest for dei. Grenseprovokasjonar og militærøvingar i nordområda handlar nok langt meir om å irritera NATO enn om nokon plan for å leggja under seg multemyrene våre.

Frithjof har kan hende ikkje reflektert over at Russland har invadert Finnmark før. Og trekt seg attende friviljug (så vidt eg veit den einaste gongen i verdshistoria noko slikt har skjedd). Ein kan tilskriva det Russland sine gode intensjonar eller det grunnleggjande verdilause ved landet dei erobra frå nazistane, men slik er det altså.

I nyare tid har Russland (ja, Putin sitt Russland) gått med på ei grenseavtale i havområda nordom oss, dei har halde fast ved samarbeidet om forvaltninga av det som framleis er den viktigaste ressursen i havet: Torsken. Kanskje den best forvalta marine ressursen i verda.

Og endå så mykje eg hatar uttrykket «folk til folk-samarbeid» lyt ein innrømma at det er bygd massive mengder med gjensidig tillit over grensa. Mellommenneskeleg tillit. Ansikt-til-ansikt-tillit. Ikkje naudvendigvis tiltru, men ein måte å kommunisera på som ikkje involverer tanks og jagarfly.

Berre så det er sagt: Eg er djupt skeptisk til utviklinga i Russland. Menneskerettar og internasjonal lov rett vert krenka på det grovaste. Og eg er heilt for eit styrka jegerkorps i Sør-Varanger og fleire og tyngre bakkestyrker stasjonert i Finnmark. Gode gjerder er ein essensiell del av godt naboskap.

Den andre delen av godt naboskap er likevel viktigare. Ein kan sanksjonera og mobilisera og scrambla jagerfly til ein vert blå i andletet, men det einaste som til sjuande og sist hjelper, om naboen er vrang og vanskeleg, er å sjå naboen i augo og seia: Det her er ikkje greit. Snakka saman.

Det er større fare for at nett det skjer i Finnmark, enn at Russland rullar inn tanks.

Lekselaust?

Enn om skulen ikkje gav lekser? SV, mellom andre, har flagga dette spørsmålet høgt, og jamvel om dei er eit lærartungt parti og eg er open for spørsmålet, er det ein ting eg kjenner i ryggmargen: Det der er det f… ikkje politikarar som skal avgjera.

Kvifor ikkje? Politisk og byråkratisk nivå styrer jo allereie det aller meste som skjer i skulen. Og berre sjå kor fint det går. Alle skular har like gode resultat, heilt i verdsklasse, faktisk, og alle elevar går ut av skulen like glade og fornøyde med toppkarakterane sine.

Det siste er kanskje ikkje heilt sant, og uansett ikkje eit argument korkje for eller mot lekser.

For min eigen del, som fagperson og privatperson, kan eg gjerne tona flagg: Eg likar ikkje lekser. Eg likar ikkje sjølve ordet. I den grad elevane jobbar utanfor skuletid med skulearbeid, kallar eg det heimearbeid. Arbeid, altså. Konkrete oppgåver som er forstått på førehand og som dei sjølv kan vurdera som fullført eller ikkje.

Nokre praktiske døme (som eg har prøvd og vurdert som meir eller mindre gode):

1) Heimearbeid til neste time: Les desse sidene i læreboka. Dette vil resultera i ei heilt unaudvendig pedagogisk utfordring ved at ein stor del av elevane, av ulike grunnar, ikkje har lese desse sidene, eller endå verre: Har lese dei og ikkje forstått nokon ting. Neste time vil altså verta gjennomført anten som ein leksjon som går over hovudet på halve klassen (dei som ikkje las eller ikkje forsto) eller ein som framstår som unaudvendig drøvtygging av kjent stoff for den andre halvparten (dei som las og forsto, til dømes av di dei har foreldre som kan motivera til lesing og forklara der det trengs).

2) Heimearbeid til neste time: Løys desse oppgåvene frå læreboka. Igjen: Ein stor del av elevane vil ikkje gjera oppgåvene, og ein del vil gjera dei feil. Konsekvensane for neste leksjon vert mindre. Konsekvensen for læringsutbytte er større sprik mellom elevane.

3) Heimearbeid til neste time: Gjer ferdig det du har starta på. Ettersom eg er yrkesfaglærar, er dette det eg har mest og best erfaring med. Det har få eller ingen konsekvensar for neste leksjon. Og det skil ikkje dramatisk mellom dei som har sterk støtte heimanfrå og dei som ikkje har det, ettersom arbeidet er starta i samspel mellom lærar og elev, og eleven (helst) kjenner eit personleg ansvar for å fullføra. Nokon vil framleis ikkje gjera heimearbeidet, og det vil nokon gongar opplevast som eit personleg nederlag for dei elevane som ikkje får det til.

4) Heimearbeid til neste time: Snakk med nokre vaksne du kjenner (i norskfaget til dømes om korleis dei snakka då dei var på din alder, i historiefaget til dømes om kva dei hugsar best frå tida før du vart fødd, i samfunnsfag til dømes om kva dei aktar å stemma og kvifor). Skriv ned ting du gjer i løpet av ettermiddagen og kvelden (i mediefag til dømes kor ofte du er innom facebook eller kor ofte du kan høyra ein radio, i kroppsøving til dømes kor mykje tid du sit stille, i matematikk til dømes kor ofte du treff søppel-, skittentøys- eller basketballkorga når du kastar noko etter ho). Igjen: Nokon vil lata vera å gjera heimearbeidet, men så lenge nokon gjer det, vil det gje høve til lærande samtale for heile gruppa.

Med bakgrunn i og atterhald om det ovanforståande: Her er nokre argument for heimearbeid:

– Det kan gjera skulearbeidet meir relevant ved å inkludera erfaringar og kunnskap elevane har frå andre livsområde enn skulen.

– Det kan fungera som mengdetrening, såframt (og dette er viktig) ein er heilt sikker på at elevane allereie kan det dei skal gjera. Nokre dugleikar og fag (til dømes matematikk eller norsk rettskriving) krev at ein automatsierer det ein har lært.

– Det kan vera ei redningsplanke for ein del elevar som slit med å utføra konsentrert arbeid i eit rom der tjue andre prøver på det same, medan endå ti prøver å vera sosiale. Viss lærarane helst vil gå heim og gjera rettearbeidet der fordi dei har trange og delte kontor på skulen, er det ikkje urimeleg at elevane òg skal få lov til å jobba andre stader enn i klasserommet.

Eg har sett at ein del pedagogar sender med oversyn over læringsmål og kompetansemål som grunngjeving eller forklåring til heimearbeidet. Det synest eg ikkje noko om. Det er pedagogane sitt ansvar å handtera desse måla, og finne metodane som best kan bringa elevane dit.

Diverre er det slik at skulen er organisert som ein stor, ekstremt langsiktig konkurranse. Om elevane ikkje gjekk ut av skulen med ulikt læringsutbytte og difor ulike karakterar og poengsummar, ville systemet kollapsa, ettersom det er konkurranse om plassane frå ellevte klasse og oppover. Og i den konkurransen er det gjerne innsatsen utanfor skulen som skil. Det er sjeldan nokon seier det høgt, men heile utdanningssystemet føreset at nokon lærer, og at andre ikkje gjer det. Viss alle lærte det dei skulle i henhold til læreplanen, måtte ein finna andre måter å velja ut kven som fikk studera kva på i høgare utdanning.

På eit vis er jo det òg eit argument for heimearbeid, for visse typar heimearbeid skil utvilsomt langt meir effektivt mellom dei med gode føresetnader i livet og dei med dårlegare. Som lærar kan eg gje ekstra hjelp til dei som slit og mindre til dei som ser ut til å greia seg godt utan meg, men i heimen er det ingen slik utjamning. Som lærar vil eg at alle born skal lukkast, som (hypotetisk) forelder vil eg at mitt barn skal lukkast. Og det lyt skje på bekostning av andre.

Om foreldre var heilt rasjonelle (heldigvis er dei ikkje det), ville det antakeleg vore meir effektivt å motarbeida tiltak for andre sine born enn å støtta opp om sine eigne. Om du eliminerer smarte dyslektikarar, institusjonsborn, mobbeoffer, framandspråklege eller nevrotikarar frå konkurransen, er sjansen mykje større for at nett ditt barn skal lukkast med sine (eller dine) karriereambisjonar.

Men det som framstår som hovudargumentet mot heimearbeid er at det stel av tida foreldra skulle hatt med borna sine, eller av tida som borna skulle hatt for seg sjølv til å gjera det dei vil. Det er ikkje først og framst eit argument mot heimearbeid som sådan, tenkjer eg, men mot irrelevansen i heimearbeidet. Om elevane verkeleg ville jobba med dette, verkeleg ville fullføra det dei har byrja på, verkeleg ville læra seg å rekna i hovudet eller lesa samanhengande tekstar verkeleg ville vite korleis bygda såg ut i bestefar si tid, skulle ikkje foreldra vera viljuge til å stilla opp?

Underleg nok er alternativet som vert presentert, meir tid på skulen for elevane. Det undergrev ideen om at heimearbeid kan gjera skulen meir relevant ved å inkludera erfaringar frå dagleglivet. Om lekser skal gjerast på skulen, med lærar til stades, slik nokon ønskjer, er eg redd det vil gjera skulen endå meir meiningslaus og fjern for mange elevar og foreldre. Og mest for nett dei elevane og foreldra som skulen kanskje kunne hjelpt mest.