Dagen før dagen

Kven gler seg vel ikkje til første skuledagen? Ganske mange, diverre, på båe sider av kateteret. Men ég gjer. Eg er så spent og glad for morgondagen at eg nesten ikkje kan sitja stille (det er ei overdriving. Eg er veldig god til å sitja stille, jamvel når eg er temmeleg uroleg på innsida).

I morgon møter eg dei første sånn cirka 15 av i alt sånn cirka 70 nye elevar (pluss om lag 20 gamle kjenningar) som eg skal tilbringa tid i lag med på jobb i månadene som kjem. Og eg gler meg som ein liten unge.

Slik er det òg å vera lærar, berre så de veit det til neste gong eg klagar over kor forferdeleg galt alt er med skulen og yrket.

Eg har allereie vore på jobb i to dagar, men då på ein skule utan elevar, som kjennest tomt og rart og utan energi. Eg har kompetanseheva meg på ymse rutinar og prosedyrar, og høyrt på eit lærerikt og inspirerande foredrag av Bente Vetland Thorkildsen om læring og elevkontakt (ho er veldig flink, så les gjerne det ho skriv, om ho aldri så mykje er ein seljar). I ledige stundar har eg bladd i nye læreverk, funne tekstar eg elskar og gler meg til å lesa i lag med elevane (Kolbrunarskald døyr! Tristan og Isolde! Sonette nummer 18!), tenkt ut idear til nye måtar å formidla på, måtar å yrkesretta på, måtar å få dei til å elska nynorsk på.

Men det er i morgon det byrjar. I morgon kler eg på meg dei finaste arbeidskleda eg har og står og kik spent før oppropet på flokken av unge morgontrøytte, nervøse andlet i aulaen, prøver kan hende å gissa kven av dei som er på mine namnelister.

Det er kjensla av å stå på kanten av femmeteren og kika ned, kjensla av det første rykket i berg- og dalbanevogna medan ho framleis står på flat mark og du nett er spent inn. Kjensla av å starta tilløpet, sleppa seg ned ovarennet, dyppa penselen og dra dei første stroka. No får det bli som det blir.

Eg skriv ned dette no, for å hugsa det den beiksvarte morgonen i november når eit halvfullt rom av gjespande ungdommar ligg over pultane sine med vinterkleda på og bryr seg like mykje om sonette nummer 18 som eg gjer om Paradise Hotel.

Dette òg gler eg meg til, skriv eg i dag.

Advertisements

Om å undervisa i fengselet

Skulen eg underviser på, har òg ansvar for å gje tilbod til dei innsette i det lokale fengselet. Dei lærarane som underviser der (eg har sjølv vikariert som norsklærar i ein periode), seier gjerne at det er fine timar å ha, om ein aldri så mykje underviser med overfallsalarm og under heller kummerlege forhold. (Det einaste er at sidan dei fleste i dette fengselet sonar korte dommar, slepp dei gjerne ut akkurat når ein har vorte godt nok kjent til at ein får i gong ein god undervisningsdialog. Det er nesten slik at ein håpar dei skal gjera noko dumt slik at dei kanskje ein gong er klar for det vitnemålet dei færraste fekk). Klasserommet er lite og gruppene høveleg små. Elevane er motiverte, høflege og tillitsfulle.

For dei innsette er undervisninga fritid frå tvangen dei opplever i resten av kvardagen. For ordinære elevar er det omvendt.

«Hvorfor presses de gjennom et system der alle sitter igjen med den samme kunnskapen etter ti år? Hvorfor blir vi overrasket når en tredjedel av elevene dropper ut av videregående skole når de endelig selv får velge?»

Torkil Færø aktualiserer Nils Christie sin skulekritikk frå 1971 i Aftenposten, og eg kjenner at eg vert glad. For at der enno finst nokon som kan sjå på skulen som noko anna enn eit oppbevaringsinstitutt. Det er jo ikkje noko naturgjeve. Som Færø skriv: Born er fødde med ein enorm lyst og evne til å læra, og skulen greier altså på underleg vis å ta knekken på denne aller mest grunnleggjande føresetnaden for å lukkast med sitt oppdrag.

Då eg i si tid var student, fanst nesten ikkje reglar om obligatorisk oppmøte i høgare utdanning. Studentane fylde opp auditoria likevel. Eller dei sat heime og las, om dei kjente at dei lærte betre slik. Min kjære far gjekk i landsskule, med undervisning anna kvar dag. Han veit likevel meir enn meg om det meste (som fedre skal, rett nok), og har framleis glede ved å læra noko nytt.

Ironisk nok er det strengaste sanksjonstiltaket som finst mot elevar som ikkje innrettar seg, at dei vert bortvist frå skulen. Då eg sjølv gjekk i ungdomsskulen, var straffen for dårleg åtferd å møta opp ekstra tidleg eller sitja att etter skuletid, meir i tråd med kva skulen i røynda er, eller vert opplevd som av mange: Internering.

Berre sjå på kor viktig alle meiner det er å halda ungane i skulen, jamvel den vidaregåande, som altså i prinsippet er meint å vera valfri. I Høgre er dei uroleg for at å gje NAV-støtte til deltidselevar er å oppmuntra til å droppa ut. Andre har teke til orde for å erstatta heile dropout-omgrepet med det det i realiteten er: Bortval. Frå neste haust av skal elevar som er for mykje borte frå skulen missa retten til vurdering i fag. Det vil nok gjera det lettare å vera lærar, det skal eg ikkje leggja skjul på. Men om det vil gje betre læring, er eg slett ikkje sikker på. I alle fall vil det gjera det lettare å velja bort skulen, heilt utan å gå inn på grunnane til at mange gjer det.