Best i test

«Vi utdanner ikke våre elever for PISA, men for livet«. Tittelen seier vel i grunnen det som er å seia om kva Finland gjer rett i skulen. Når dei no har vald å delta i PISA-karusellen, håpar eg dei har ballar til å halda fram med å tenkja slik jamvel om resultata ein gong skulle koma ut som heilt middelmådige.

Videoen som finst litt lenger ned i artikkelen, seier det meste om kva Oslo kommune gjer feil i skulen, tross deira utmerka resultat på nasjonale prøver. Når ein rektor opent vedgår at dei øver til kartleggingsprøver, kjennest det som å vera langt inne i ei dystopisk framtidsskildring frå tidleg etterkrigstid. Å høyra ungar snakka om kjensla av å måtta vurdera seg sjølv til låg måloppnåing med raud fargeblyant, er hjarteskjerande.

Å vera elev er ikkje ein karriere. Det er (for nokon) noko du gjer for å få ein. Men å vera elev er først og framst å vera born. Born brukar halvparten av sine vakne timar i skulen. Eg er pinleg klår over at når eg underviser ein klasse seks timar i veka, har eg sannsynlegvis meir tid i lag med ungane enn mange av foreldra har. I alle fall såkalla kvalitetstid: Tid til samtale, undring, alvor, latter og tøys, tid til å bryna oss på kvarandre og finna eit høveleg kompromiss mellom innordning og fridom.

Der finst foreldre (dei må finnast, må dei ikkje? Eg har aldri møtt dei, men kvar ellers skulle det koma frå?) som synest at eg burde bruka meir av denne tida på standardisert testing og måling av fram- og tilbakesteg. Men det einaste ein oppnår med det, er å slå fast kor god eleven er til å vera elev. Når heile målet med utdanninga er at eleven skal slutta å vera elev. Dei skal verta vaksne menneske. Dei skal verta studentar, elektrikarar, mekanikarar, fotografar eller bornehageassistentar eller ein av tusen andre faggrupper me har bruk for..

Det einaste faget eg kan koma på der ein har ein viss nytte av å vera (eller ha vore) ein god elev, er kanskje læraryrket. Korleis elles kan ein orka å gå attende til skulen?

Og så likar eg tanken på å bruka symaskin og iPad samstundes i undervisningen. Sjølv om eg er norsklærar.

Advertisements

Småbylivet

Det hender eg gløymer kvar eg har lagt bilnøklane. Ikkje fordi eg er spesielt gløymsk av meg, men fordi det kan gå veker mellom kvar gong eg treng å køyra nokon plass, og i mellomtida har veret skifta såpass mykje at jakka der bilnøklane ligg i lomma er for varm, for kald eller ikkje vindtett nok, i verste fall pakka vekk for sesongen. Det tek meg tre og eit halvt minutt å gå til jobb, endå eg bur i sentrum og jobbar i utkanten av byen. Og yttergangen er full av jakkar til alle slags ver, sjølv om jobbvegen strengt tatt er kort nok til at eg kunne gått i pysjamasen. Men eg trur elevane mine hadde vorte litt forfær i så fall.

Eg har altså sånn cirka ein time meir fritid kvar dag enn dei aller fleste andre bybuarar. I tillegg har eg ein hage, der det heng ei hengekøye mellom to heller krokete bjørketrær. Der kan eg bruka desse bonustimane mine, i alle fall i nokre dagar til, gyngande og glanande ut over havna og fjorden eller inn i favoritt-dingsen min, ein Amazon Kindle.

Det tek meg rett i underkant av ti minutt å gå til butikken, jamvel om det einaste i sentrum som ligg lenger unna, er biblioteket. Når eg kjem til kassa, finn dei som står der fram rett sort røyk til meg før eg rekk å spørra. Av og til får eg lyst til å byta merke, berre for å sjå kor overraska dei eventuelt vert og kor lang tid det tek før dei har lært seg kva eg no skal ha.

Eg har tid til å tenkja på slikt, sidan eg berre brukar sju minutt av kvar dag i transport til og frå arbeidsplassen og tjue til og frå butikken. Og sidan eg har ein kindle, treng eg aldri gå så langt som til biblioteket. Med mindre eg vil. Men eg vil jo, for det er der mållaget held til, og i ein av glasmontrane deira står ei utgåve av «Speculum Boreale», dette fantastiske, rikt illustrerte topografiske verket frå tidleg opplysningstid som ber i seg den same storaugde undringa og gleden dei fleste opplever ved det første møtet med Finnmark.

På biblioteket har eg òg opplevd ein drøss med intimkonsertar, både klassiske og moderne. Det er som regel verd ein spasertur på elleve minutt kvar veg, jamvel i skitver. Med så mange bonustimar å bruka opp, vert det gjerne til at ein utnyttar kvar trevl av kulturliv byen har å tilby, særleg utanfor hengekøyesesongen. Med alt eg sparar på månadskort og bensin, for ikkje å snakka om det å ha einebustad med fjordutsikt til mindre enn ein million, kan eg gå på konsert og teater til krampa tek meg og framleis ha råd til middag etterpå og nye ebøker til dei rolege periodene der det ikkje skjer så mykje i byen.

Det er, sant å seia, eit stykke mellom dei. Det skjer noko heile tida, og det tek litt tid å venna seg til det. Eg meiner, i større byar kan ein ha til dømes teaterstykke og filmar som «går», men her er det altså slik at dei kjem. Du får éin sjanse. Og då tek du den.

Partileiaren har ordet, del 2 (av 2)

I kveld har eg vore i paneldebatt igjen, og nok ein gong gløymde eg å spørja kvifor det heiter det. Panel, liksom? Liggande eller ståande? Kontrollpanel? Det handla i alle fall om skule. Og skule er eg jo litt interessert i, for å seia det forsiktig. Det viste det seg at alle dei andre penaldeltakarane var, òg. Det er fint. Men det er rart.

Til liks med dei fleste eg vaks opp med og dei fleste eg omgåast, har eg ingen politiske ambisjonar på eigne vegner. Mi førre politisk aktive periode var på 90-talet, på utsida av alt som smakte av organisering og parti-fisering. Det var aksjonistisk, tilfeldig, og med ein djup skepsis til alle freistnader på å institusjonalisera politiske standpunkt.

Så sit ein der likevel plutseleg og er ikkje berre medlem, men leiar, av eit lokalparti, og med dungevis av gamle og nye kjende i same posisjon. Dei fleste med ei viss ironisk distanse til heile konseptet, men likevel med eit brennande engasjement. Eg ser stadig Facebook-vener «forbausa» over plutseleg å vera ordførarkandidatar eller løpesetel-utdelarar. Eg kjem frå ein kultur der ein risikerer posisjonar meir enn ein søkjer dei. Ein følgjer overtydinga si, og plutseleg står ein der.

Og når ein først står der, så lyt ein stå der med heile seg, og ikkje berre kvekka «talking points» frå grunnkurset i lokalpolitikk (som eg enno ikkje har hatt tid til å gjennomføra). Så for ein sjeldan gongs skuld skal eg stå her og seia at du, ja nett du, burde seriøst vurdera å stemma Venstre.

Sjølv har eg gjort det av ideologiske grunnar. Eg er ein desillusjonert eks-sosialist som har sett berlinmuren kollapsa under vekta av fortrenging som krevst for å tru på det prosjektet. Ein kan ikkje regulera seg til det gode samfunn, like lite som ein kan lata som det gode samfunn oppstår av seg sjølv dersom ein berre slepp alle gode krefter laus. Den sosialliberale ideologien er skuffande uradikal og lite kompromisslaus, men eg opplever han som nokonlunde truverdig. Om du har ein mon av tryggleik for eige liv og inntekt, har du òg føresetnadene for å handla fritt. Eg er ein radikalar på det området, og vonar framleis Venstre (som vel er det einaste partiet som har drøfta det seriøst) dreg fram ideen om borgarløn att. For eg trur folk vil det beste.

Men du treng ikkje vera ein til anarkismen grensande fridomsradikalar for å støtta Venstre. Du kan til dømes tenkja at der finst oppskriftar, og der finst det du har i skapet. Og det er berre ein av desse du kan laga mat av. Eg likar at Venstre er eit pragmatisk parti. Dei har til og med gått inn og støtta ei regjering der Framstegspartiet er med. Og dei har gjort det saman med Kristeleg Folkeparti. På sentrale politikkområde er Venstre meir ueinig med båe desse enn til dømes Arbeiderpartiet er. Men det handlar om å få gjennomslag. Då er det ein fordel å våga å skitna seg til litt.

Eller du kan, om du no er superlokal og ikkje så interessert i det som skjer nede på Stortinget eller oppe på fylkestinget, tenkja at der finst folk her i byen (og bygdene rundt) som stiller til val på ulike lister og med ulike program. Nokon er veldig opptekne av at dei vil verta ordførar. Andre er meir opptekne av å gjera ting betre, uansett kven sitt namn som står på erklæringane. Der har du Venstre. Vi hadde likt å ha ordføraren, det er ikkje det. Vi har ein knakande god kandidat, som er meir enn klår for oppgåva. Men det er viktigare at gode ting skjer. Og dei skjer ikkje av seg sjølv.

Ha eit godt val.