Det fine med å sitja på huk, er at ein kan reisa seg opp (eller: sjølvskryt skal ein lytta til, for det kjem frå hjartet)

I dag var det bilete av meg på framsida av lokalavisa. Ikkje den hyggelegaste saka å figurera i, men eg likte biletet (det er ikkje publisert i nettavisa, men finst nedanfor). Det er kledeleg uskarpt, så den tynnande hårmanken, det halvflidde skjegget og dei djupnande rynkane ikkje vart for framtredande.

Biletet er frå klasserommet, og visar meg i min beste imitasjon av ein «slav squat» medan eg gjev tilbakemeldingar på noko ein elev har skrive på PCen ho har i fanget. Det er eit bilete av ein pedagogisk samtale. Noko utruleg flyktig, sjeldan fotografert «in the wild». Eit bilete av noko av det finaste og vanskelegaste me held på med på skulen.

For det er vanskeleg å visa fram uferdig arbeid. Og det er vanskeleg å setja seg inn i andre sine arbeids- og tankeprosessar. Det krev tid, og mot, å utvikla såpass med tillit til kvarandre. At eg samstundes skal veileda eleven i bakgrunnen på biletet med eit heilt anna arbeid, prøva å hjelpa med eit PC-teknisk problem på motsett side av klasserommet, prøva å få dei som alt er ferdige til å ikkje forstyrra dei som framleis jobbar, og altså svara på spørsmål frå avisa si utsende reporter, gjer det ikkje lettare (men på eit vis meir underhaldande).

«Skal me sjå på det i lag», eller «vis meg», seier eg ofte til elevane. Og om ein tek det på alvor, dette med å sjå på det i lag, lyt ein altså finna seg i å sitja på huk (hadde det ikkje vore i strø-sesongen, med rikeleg sand og smelta snø på golvet, ville eg nok heller vald å setja meg på kne, gamal og skrøpeleg som eg er. Støv på knea er eit teikn på ein god dag i klasserommet. Men akkurat det er no ikkje så viktig.).

Ein skal møta eleven der han eller ho er, tenkjer eg. Og som regel sit eleven. For meg er det lettare å gjera det i overført tyding dersom eg får det til i bokstavleg tyding. Setja seg ned med dei heller enn å lena seg inn over dei. I det minste koma meg ut frå bak kateteret så mykje som mogleg. Langbeint som eg er, sit eg helst på ledige pultar rundt om kring. Men eg beflittar meg på å setja meg ned.

Det magiske med denne tilnærminga, tenkjer eg av og til, er at då vert det lettare å bringa eleven dit eg er, om det er det eg ønskjer. Om me kan setja oss ned og «sjå på det i lag», så kan me òg (i alle fall metaforisk) reisa oss opp og sjå på andre ting i lag. Ting som er store og viktige for meg, som til dømes høgsterettsdommar om ytringsfridom eller Ibsen eller Shakespeare eller trettiårskrigen.

Mot slutten av skuledagen las eg opningsscena frå Peer Gynt saman med andre sekstenåringar. I original språkdrakt. Og eg kjende grunn til å tru at dei sette pris på det, om det er aldri så fjernt frå «der dei er» (ikkje for å skryta, men dei applauderte. Det sette meg ut litt).

Der pågår ein diskusjon om kor mykje formalkompetanse lærarar treng. Eg veit godt at nokon vil ha det til at det ikkje eigentleg handlar om det, men eg høyrer likevel stadig at det vert hevda, meir eller mindre direkte, frå både lærarar og lekfolk, at jo, formell fagkompetanse er underordna, om ikkje uviktig. Det viktige er om ein kan læra frå seg. Nokon snakkar om å verta «degradert» til «berre ein faglærar».

Eg trur ikkje på det. Det einaste som kan få meg til å faktisk setja meg ned i ei så ubekvem stilling og verta verande der til eg føler meg høveleg trygg på at det er framdrift å spora, er forholdet mitt til faget. Ikkje til yrket, og ikkje til eleven.

Eg måtte jo, hypotetisk sett, kunne gjera det same i lag med ein elev eg ikkje hadde eit spesielt godt forhold til, og på ein dag då eg gjerne skulle vore noko anna enn lærar. Det hender, det òg.

Eg er glad i elevane mine, sjølvsagt. Kvar einaste ein av dei drøyt hundre elevane eg underviser kvar veke. Og eg er, for det meste, glad i jobben min. Men i den grad eg evnar å læra vekk noko, er det av di eg er glad i faga mine, anten det no er journalistikk (som på biletet) eller litteratur eller språk eller historie.

Om ein meiner, slik nokon synest å meina, at lærarar ikkje treng å kunna eit fag spesielt godt for å læra det vekk, er det for meg sånn nokonlunde som å hevda (og det gjer jo nokon) at ein ikkje treng å tru på Gud for å vera prest. Rett nok er det rikeleg tradisjon både her til lands og elles for lekpredikantar, og det er kanskje den tankegangen som har smitta over på læraryrket (slik ordet «kall» har). I så fall må eg nok definera meg sjølv som ein nokså katolsk lærar.

Eg har tru på den skriftlærde læraren. Det er gleda ved og den djupe kjennskapen til eit fag som best motiverer til formidling. Og dei to, gleda og kjennskapen, heng nokså intimt ihop. Om du brukar år av ditt liv på ein master- eller doktorgrad i eit fag, er det ikkje først og framst fordi du vil verta kompetent til å undervisa i det. Det er fordi du likar det (håpar eg). Så ja. Seksti studiepoeng er ein god start. Men kanskje trengst endå meir for å få deg heilt ned i kneståande.

DSC_0060

Advertisements