Dovregubben hadde vore stolt

Her om dagen tenkte eg at eg skulle skriva om danning i norskfaget og kva nytte og (eventuelt) glede elevane kunne ha av å kjenna til den norske kanon. Medan eg tenkte, skjedde det nokre ting som gav meg noko anna å tenkja på. Ganske mykje, eigentleg. Og eg tenkte at dette greier eg ikkje å skriva om. Ein tidlegare nabo og ven skreiv på Facebook det eg sjølv kjende: Eg er rett og slett for sint. Det går ikkje an å skriva noko velformulert når adrenalinet fløymer. Så i staden for å skriva på Facebook, skreiv eg eit sint brev til stortingsgruppa i partiet mitt. Det håpar eg fleire tek seg tid til.

Men denne bloggen handlar tross alt om læring og undervisning. I går var eg, for tredje dag på rad, oppe på skulen for å låsa etter elevar som bad så vent om å få jobba ut over stengetid med ei oppgåve eg hadde gjeve dei. Det synest eg var gjevt. Og når dei er ferdige, skal eg spørja dei kvifor dei orka. For det veit eg ikkje. Eg er ikkje sikker på om dei veit det sjølv. Men eg mistenkjer at dei kjente at dette var noko som var relevant og viktig for dei. Eller «gøy», som ein gjerne seier når ein er seksten. Eg tenkjer at det handla om å sortera deira eigne erfaringar i deira eige uttrykk.

Medan eg var der og venta på at dei skulle gjera seg ferdige, fann eg i posthylla eit spørjeskjema frå nokre andre elevar eg har, som (i regi av heilt andre lærarar i heilt andre fag) syslar med eit forskingsprosjekt retta mot Holberg-prisen. Spørsmåla var temmeleg utfordrande. Til dømes: På ein skala frå ein til ti, kor mykje respekt meiner du at du har hjå elevane? Vel, motsett veg gjekk det i alle fall til elleve akkurat denne dagen, tenkte eg. Endå meir utfordrande: Kva legg du i ordet respekt? Eg kan ikkje skriva kva eg svarte, det ville kompromittera undersøkjinga, som i prinsippet er anonym, men det gav meg ting å tenkja på.

Til dømes kom eg igjen til å tenkja på kva me skal med desse gamle tekstane som liksom skal vera den norske kulturarven. Og eg kjenner eg vert litt irritert når folk skriv «Ibsen og Hamsun» som om det var likestilte storleikar. Ibsen er Ibsen. Hamsun er noko heilt anna. Og ingen av dei er «klassikarar», berre så det er sagt. Dei er moderne. Og minst ein av dei er fascist. Hobbelstad nyttar uttrykket «kulturell fortrolighet». Javel? Overfor akkurat desse to diktarane (og fleire som reknast som kanoniske) kjenner eg heller det motsette. Om litteraturen deira har tilført noko, er det ein grunnleggjande mangel på tryggleik.

Men eg har undervist om båe to, relativt nyleg. Og eg synest Dagblad-skribenten framstår som ualminneleg tungnem når ho hevdar dette ikkje vil skje med mindre namna er nemnd i læreplanen. Det er slike små stikk mot lærarane si evne til å skilja skit og kanel som av og til gjer meg litt oppgitt over den offentlege diskusjonen om skule. Det handlar òg om respekt.

Men det er uviktig. Ibsen, derimot, er viktig. Difor underviser alle norsklærarar om Ibsen. Ikkje av di dei har fått beskjed om å gjera det, og i grunnen heller ikkje av di nokon ein gong slo fast at Ibsen var viktig. I så fall ville det vera hald i argumentet om at danning kan verta ein ting for eliten dersom ikkje alle får lesa dette og dette. Men danning handlar ikkje om å ha lese dei rette bøkene. Danning handlar om demokrati. Om respekt. I den grad det handlar om å vidareføra noko, er det ikkje eit stivna innhald, eit pensum, men ein levemåte, ei haldning til verda og menneska.

Eg tenkte på Ibsen. Og eg kom i skade for å seia, med min hang til å overdriva litt for å driva inn eit poeng i morgontrøtte elevar, at Ibsen hata Noreg. Det er ikkje hundre prosent usant. Eg tenkjer at då han sat i sitt sjølvvalde eksil i Italia og snikra saman Peer Gynt, så var der eit sinne der som framleis ber.

Trold, vær dig selv nok.

Aldri har det Ibsen-sitatet kjendest meir tidlaust, relevant og sant, tenkte eg. Ibsen er tidlaus (eller aktuell) av di dei tinga han sette fingeren på, er det. Det sjølvgode Noreg lever i beste velgåande.

Neste veke skal eg undervisa i historie. Om mellomkrigstida. Eg tenkjer me startar med Nansen. Ikkje av di det står i læreplanen.