Først tragedie, så komedie

I vår vart eg plutseleg historielærar. Det har eg for så vidt alltid vore, sidan mykje vert meiningslaust om ein ikkje har eit historisk blikk på det. Men sjølve faget historie har eg ikkje undervist i før, eg har berre mildt irritert meg over at det ikkje eigentleg finst før andre trinn på vidaregåande skule. Inntil då opererer elevane gjerne med eit grovt skilje mellom «gamle dagar» (før årtusenskiftet) og «no for tida». Eit fascinerande verdsbilete der Vesaas, Ibsen, Holberg, Homer, Snorre og Absalon Beyer alle er grunnleggjande samtidige. Dei er frå «gamle dagar» og skriv på «gamalnorsk» (unnateke Homer, då). Då vert sjølvsagt det meste av det som vert skrive «no for tida» nokså vanskeleg å forstå.

For nokre dagar sidan kom eg over det eg rekna med var ein av dei evinnelege tiradane om kor veik den oppveksande slekta er. Overskrifta «generasjon prestasjon» lova ikkje godt, men Sven Røgeberg skriv eigentleg om noko anna. Til dømes om korleis vurderingspresset i skulen neppe har så mykje med læring å gjera som med tilpassing til eit samfunn som verdset det vurderbare og kvantifiserbare over til dømes mogning og forståing. Ordet «uvurderleg» er på veg ut av språket til fordel for meir eller mindre meiningsfulle kvantifiseringar. Eller rettare, «uvurderleg» har teke til å meina «verd veldig mykje» (til dømes i pengar). Det er ikkje det same.

Jamvel om eg er over gjennomsnittet oppteken av å ta vare på eit historisk perspektiv, vil eg hevda at eg er korkje konservativ eller tilbakeskodande. Ein av tinga ein kan læra av historia, er kor mykje verre ting har vore (og dermed kan verta igjen). Ein av dei tinga eg likar best med lærargjerninga, er å finna på nye ting. Måtar for elevane å jobba på, måtar å legga fram stoffet på, måtar å fremja forståing på. Eg jobbar etter prinsippet at di fleire feilsteg ein gjer, di fortare går det framover, så langt frå alt eg finn på er særleg vellukka.

Ein av dei tinga eg likar dårlegast med lærargjerninga, er å setja karakterar. Eg veit at elevane jobbar hardare dersom eg seier at dei får karakter på ei oppgåve, og tenkjer at Røgeberg har eit poeng. Me oppdrar unge folk til å konkurrera i ting det ikkje finst meiningsfulle kriteriar for. Kor langt må me skriva, spør dei, og eg har alltid lyst til å svara «langt nok, men ikkje lenger», som er eit fornuftig kriterium for alt slags kreativt arbeid.

Til å laga eit undervisningsopplegg høyrer det òg å utforma vurderingskriterier. Set eg då karakterar på elevane, eller på mi eiga undervisning og formidlingsevne? Om eleven finn det lett å oppfylla kriteria, er det eit teikn på at forståinga hennar er for grunn? Om ho finn det vanskeleg, er det fordi ho forstår kor komplekst emnet verkeleg er? Kor freistande er det ikkje å setja mål for lengd i staden for djupn, for mengd (av fakta, argument, fagomgrep, referansar) i staden for kvalitet.

Likevel: Det som forferda meg mest med det Røgeberg skriv, er dette at historiefaget ser ut til å ha falle i ein sprekk då Ludvigsen-utvalet laga si utgreiing om framtida for skulen. For så vidt gjorde norskfaget, slik me kjenner det i dag, også det. I framtidige læreplanar kan norskfaget verta redusert til eit språkfag. Det vil sikkert gleda grammatikk-politiet, men som det heiter i ein heller sentimental Hollywood-film som eg for lengst har gløymd namnet på: Det hjelper lite å kunna lesa og skriva viss du ikkje har noko å lesa og ikkje noko å skriva om.

Det er vanskeleg å forestilla seg etter ti år med noverande læreplan, men ein gong i tida fanst krav i læreplanen til at elevar skal ha «jobba med» til dømes visse tekstar eller emne. Det er jo ei fin innrømming av at det er ikkje alt som kan målast i «oppnådd (og framvist) kompetanse», som er det gjeldande kriteriet for karakterfastsetjing, både på eksamen og når standpunkt skal setjast.

Nokon ting er faktisk såpass vanskelege at ein må nøya seg med å jobba med dei. Kanskje eit heilt liv. Og di meir ein jobbar med dei, jo vanskelegare vert dei.

Advertisements