Pust

Det er noko med blåseinstrument. Dei får stemma si av den som bles i dei. Ei fløyte. Ein saksofon. Eit røyr av vibrerande luft i direkte kontakt med andedrettet, brystet, munnen. Det er frykteleg intimt.

I dag har eg følgd ein god ven til grava. Av alt det rørande og fine i seremonien var det ingenting som greip meg så sterkt som å høyra opptak av H. sin solo på «Varjavuonna». For eg greidde ikkje høyra berre saksofonen og den enkle, vakre melodien. Eg greidde nesten ikkje å høyra saksofonen i det heile. Eg høyrde pusten. Stemma. All den luften som tilsynelatande er til overs, som omgjev kvar tone. Som du stort sett berre høyrer på nært hald. Alt det som ikkje er der meir.

Eg veit ikkje kor lenge det vil gå før eg kan høyra på slike opptak utan å grina, kor lenge det vil gå før dei vert berre musikk igjen. På eit vis håpar eg det vert lenge til.