Har alt sin pris?

Finnmarkenforside

Kjære Finnmarken.

Eg bryr meg om dokker, og eg er glad i dokker. Difor synest eg det er naudvendig å seia dette: Elevar kostar ikkje pengar.

Eg, som er lærar, kostar pengar. Skulebygg kostar pengar. Fylkesbyråkratar og rektorar og kontortilsette og reinhaldspersonale og vaktmestarar kostar pengar. Papir og bøker og materiell kostar pengar.

Ikkje elevar. Dei kjem til oss heilt gratis.

Ikkje berre er dei gratis, dei er faktisk gull verd. Å bruka 250.000 eller 380.000 på å gje ein elev ei utdanning er ei investering med så latterleg stor avkastning at børsspekulantar berre kan drøyma om det.

Om de vil, kan de rekna inn framtidig forventa skatteinntekt, eller trekkja frå utgifter til livsopphald eller annan trygd, og så koma attende med eit tal for kva ein elev «kostar».

Men mykje heller ville eg sett at de var med på dette: Å utdanna unge menneske er ikkje ein kostnad. Det er ein plikt.

Så kan me snakka om korleis me løyser det.

Meir av det som ikkje verkar?

«Å slå på skjekene og meina hesten» er eit fint uttrykk eg lærte ein gong. Det slektar på eit engelsk uttrykk som handlar om å sette vogna framom hestane.

Og eg kom til å tenkja på båe uttrykka her rett før helga, då Torbjørn Røe Isaksen, til ein rungande mangel på respons utanfor fagmiljøa (og ein del skepsis innanfor), la fram stortingsmeldinga om framtidas skule. Kunnskapsministeren føreslår nemleg at sidan matematikk, norsk og engelsk er viktige fag i skulen (så langt følgjer eg han hundre prosent), bør elevane testast i alt dette ved endt grunnskule (der datt eg av litt, kjende eg).

Eg synest framlegget viser ei litt grunn forståing av kvifor desse faga er så viktige. Dei er fag som handlar om kommunikasjon og refleksjon. Dei står seg dårleg heilt åleine, om då ikkje kunnskapsministeren eigentleg meinte «lesing, skriving og rekning». Det er ikkje det same. Desse er grunnleggjande dugleikar som skal inkluderast i alle fag. Norsk, engelsk og matematikk er altså fag. Og ja, for all del, dei er viktige fag.

Men: Du må ha noko å snakka om for å vera god i norsk eller engelsk, du må ha noko å rekna på for å vera god i matematikk. Det er då språkfaga og matematikken verkeleg skin, det er då du får brukt og vist fram den kompetansen. I «reindyrka form» er desse faga for veldig spesielt interesserte (poetar, filosofar og teoretiske matematikarar). Men takk vera innsatsen til desse spesielt interesserte, har me altså eit reservoar av reknemåtar, tenkemåtar, lesemåtar, talemåtar og skrivemåtar som alle kan ausa av.

Om du skal prestera godt i norsk og første framandspråk (engelsk) slik desse faga finst for alminnelege folk (til dømes skuleelevar), er det vesentleg at du først har noko å formidla. «Tom» språkkompetanse er lite verdt, om ein då ikkje ønskjer seg meir svada, flosklar og tåkeprat enn me allereie er belemra med i det offentlege rom. Meir tanketom underhaldning og overflatisk diskusjon, meir fakta-immun synsing og kritikklaus etterplapring. Om du skal læra å formidla noko, må du først ha noko å formidla.

Så om ein no skal testa kunnskapsnivå og læringsutbytte grundigare (som eg trur er det kunnskapsministeren ønskjer seg her, og det er ikkje sikkert det er ein dårleg idé), så hadde det vore mykje meir fruktbart med testar i til dømes naturfag, samfunnsfag og geografi, altså kunnskap og idear om verda elevane lever i. Eller i dei nye innsatsområda kunnskapsministeren har ønska seg: Folkehelse og livsmestring, bærekraftig utvikling, deltaking og demokrati. Altså kunnskap om dei sjølv og menneska dei lever i lag med. Eller, som ministeren heldigvis òg var på nippet til å ta til orde for på fredag, i praktiske og estetiske fag. Om ønsket og målet er større rom for fordjupning, skulle eg ønskja at det var på desse områda det skjedde.

Så kan me alltids koma attende til språket (og i denne samanhengen kan ein kan godt inkludera matematikken i språkfaga, synst eg, medan mykje av norsk- og engelskfaget høyrer i hop med det me elles kallar praktiske og estetiske fag). Viss du først har noko å seia, er det utruleg mykje lettare å finna gode måtar å seia det på.

Dette brukar yrkesfaglærarane i vidaregåande skule veldig mykje energi på gjennom FYR-programmet (fellesfag, yrkesretting, relevans). Eg trur det hadde vore lettare å lukkast med det arbeidet om ikkje elevane kom ut av grunnskulen med kjensla av at norsk, engelsk og matematikk er grunnleggjande irrelevante fag der ein (for å dra nokre klisjear) les Ibsen og Shakespeare og svarar på spørsmål om møtande tog frå kvar sin by.

På ein skala frå ein til seks…

…er skulen min vurdert til ein komma fem. To minus, i beste fall, der altså. Og likevel mellom dei beste skulane i Finnmark. Er me så dårlege?

Tja.

Slik eg oppmodar elevane mine til å gjera før dei leverer frå seg arbeid, har eg kikka på vurderingskriteria i rapporten frå Senter for økonomisk forskning (det var no òg eit lite tillitvekkjande namn på eit senter som skal forska på skule, men eg skal lata det ligga). Dei (vurderingskriteria, altså) er sju. Eller to, om ein vel å slå saman litt i kategoriar.

For det første: Om elevane kjem seg raskt gjennom vidaregåande opplæring (fullført etter tre år, fullført etter fem år, framleis i skule (eller lære) tre år etter at dei starta, følgjer normal progresjon). For det andre: Kor gode karakterar dei får (eksamen i norsk, alle andre skriftlege eksamenar, og standpunktkarakterar). Rapporten forklarar godt nokre av veikskapane ved desse kriteria, som at dei ikkje målar ikkje-fagleg utbytte av opplæringa, at elevar som byter skule er problematisk å telja på den eine eller andre skulen, at lærlingar ikkje får talkarakter, osb.

Alle dei sju kriteria tel likt, og om ein les heile rapporten, finn ein òg ut kor stort spennet er mellom dårlegast og best (topp og bunn ti prosent). Dei geografiske skilnadane her er velkjende og veldokumenterte frå før. Utan at det er nokon grunn til å bagatellisera dei.

Ei høne har eg likevel å plukka med metoden i rapporten: Forskarane hevdar nemleg (og det må dei jo, om det skal gje meining å bryta tala ned på skulenivå) at dei seier noko om kva kvar einskild skule bidreg med.

Nei, ikkje heilt. Dei har nemleg utelate den viktigaste faktoren for om ein elev kjem seg gjennom vidaregåande utdanning i tide og med godt resultat: Karaktersnittet frå grunnskulen. Dei underspeler (meiner no eg) den viktige rolla grunnskulen spelar for det endelege resultatet av utdanningsløpet. Det irriterer meg, for det burde vera er høveleg greit å faktorera inn (mykje verre med sosioøkonomiske faktorar, som dei sjølv skriv, men desse tel mindre, syner annan forskning). Dei måler altså ikkje kor mykje betre elevane er når dei kjem ut enn dei var då dei kom inn.

Det er ti år sidan me fekk det trettenårige utdanningsløpet dei fleste unge følgjer, men framleis skal ein altså måtta lesa forsking som ser vidaregåande skule i isolasjon. Av ingen annan opplagd grunn enn at grunnskule og vidaregåande skule framleis høyrer til ulike forvaltningsnivå. Det kunne nok vore meir fruktbart å snakka om «ikkje fullført utdanning» enn «ikkje fullført vidaregåande utdanning» – det er relativt få som ikkje fullfører grunnskulen, men det er mogleg å «fullføra» grunnskulen med stryk i alle fag og likevel ha rett på vidaregåande utdanning.

Det er òg eit ope spørsmål om det har noko for seg å måla fullføringsgrad ved fem år. Andre land nyttar andre mål for gjennomføring av vidaregåande opplæring (til dømes ved fylte førti år, eller eit anna vilkårleg tal med år etter at du har byrja første gong).

Vidare kan det vera verd å påpeika at vurderingssystemet til SØF skil seg frå skulen sitt på eit vesentleg punkt: Det er nemleg slik at den skulen som er «best i klassen» får seks, og den som er dårlegast, får ein. Kriteria er rett nok objektive og målbare, men rangeringa er utelukkande relativ, så det er vanskeleg å seia kvar grensa for stryk eigentleg går (om ein då ikkje styrer ut frå prinsippet om ein viss prosent stryk, som dette systemet med naudsyn må gje).

Likevel: Det er grunn til uro over ein slik strykkarakter (jamvel om ein betre karakter ville tvunge ein annan skule til å stryka). Det er grunn til å verta uroa når ein rektor (ved den beste skulen i Finnmark, etter denne rangeringa) er meir uroleg for desse tala enn fylkespolitikarane med ansvar for vidaregåande opplæring i Finnmark er.

Dei viser til at tala er kjende. Dei viser til at utviklinga går rett vei. Dei viser til at det kostar pengar å ha elevar buande heimefrå (No er det no slett ikkje slik at det er bortebuarane som slit mest med å fullføra, det er heller dei som av ulike grunnar ikkje får eit utdanningstilbod dei finn meining i, anten av di dei ikkje kjem inn der dei vil eller ikkje får lov til å flytta eller ikkje eigentleg veit kva dei vil her i livet). Dei (politikarane altså, mine overordna i somme samanhengar og mine likemenn i andre) viser ein imponerande vilje til å ville ta tida til hjelp, men dette hastar faktisk. Der kjem nye elevar kvart år. Dei fortener det beste, både på ein relativ og ein absolutt skala, og me er, med alle metodiske innvendingar in mente, ganske langt unna.

Det er ikkje først og framst tid me treng for å fiksa dette, trur eg. Det er vilje, og innsats.

Det brukar eg gjerne seia til elevane mine når dei ber om ekstra tid på ei oppgåve rett før innleveringsfristen. Og no seier eg det til fylkespolitikarane: Du greier meir enn du trur. Viss du først trur at du greier det.

Panama er langt unna (Med mindre du er i Panama. Då er det ganske nært)

Det er kanskje ateisten i meg, men det hender eg vert litt lei av moralsk indignasjon. Til dømes over at DnB eller Nordea eller andre norske bankar tilbyr rike kundar måtar å redusera skatteplikta si på.

Sidan stort sett heile inntekta mi kjem over skattesetelen din, er dette kanskje eit litt kontraintuitivt standpunkt å innta, men ber over med meg. Det er skilnad på moralsk indignasjon og politisk engasjement.

Norske og internasjonale medier gjer ein fin jobb med å forklara korleis velståande folk nyttar sinnrike internasjonale selskapsstrukturar til å «gøyma bort» pengar. Stundom av di pengane er pengar dei aldri skulle hatt, men langt oftare av di staten elles krev sin del i skatt.

Men altså. For nokre dagar sidan, altså for fleire tidsaldrar sidan i mediaverda, den gongen sjølvmeldinga vart send ut, flaut dei same avisene over med gode råd om korleis du skulle sikra deg størst moglege frådrag på skatten. Frådrag på skatten er altså ein god ting. Og for mykje av ein god ting må jo vera deilig, for å parafrasera Mae West.

Men nei. For mykje av ein god ting er visst feil, det òg.

Eg trur at dersom ein skal bli kvitt kreativ skatteplanlegging, lyt ein utfordra ideen om at skatt er ei byrde. Og ein del andre idear som følgjer med, som til dømes at nokon fortener meir av denne byrda enn andre. Tenk på ordet «skatteparadis». Er det ein plass der skatt er rimeleg fordelt og kjem alle til gode?

Til dømes kunne ein ordna det slik at dersom du betalte skatten din, fekk ungane dine gratis utdanning og besteforeldra dine god og rimeleg omsorg når dei måtte trenga det. Ein kunne til og med ordna det slik at dersom du mista jobben, fekk du pengar til å greia deg på eit slags eksistensminimum inntil du fann noko anna.

Slikt har dei ikkje i Panama (eller Cayman-øyane, eller kvar du no helst vil vera skattepliktig hen).

Det dei har i Panama, og andre land med ugjennomsiktige finanssektorar, er store utanlandske investeringar. Det er det veldig få som er imot. Store utanlandske investeringar er ein god ting. Og for mykje av ein god ting må jo vera deilig, eller?