Det er så mykje ein ikkje veit. Og det vert berre meir av det.

Bør skuleelevar få ha sine psykiske problem i fred for helsevesenet?

Det synest å vera kjernen i diskusjonen om den fråversgrensa som skal innførast for vidaregåande skule frå høsten av. Er du borte frå meir enn ti prosent av undervisninga, får du ikkje karakter i faget, med mindre du kan dokumentera at der finst grunnar for at det vart slik.

Slik dokumentasjon kan til dømes vera eit brev frå helsepersonell som seier at av og til greier berre ikkje denne ungdommen å komma seg på skulen. Det er altså ikkje slik at kvar bidige dag og time lyt dokumenterast kvar for seg.

Eg veit ikkje svaret.

Eg skulle gjerne sett ein meir nyansert diskusjon om dette punktet, heller enn flosklar om at «det er skulk me vil til livs». Skulk vil finnast, og med ei fastsett grense for udokumentert fråver, vil skulk truleg veksa til det fyller dette tilgjengelege rommet. Slik var det i alle fall då eg sjølv gjekk på skulen og ei slik grense (om enn høgare) fanst. Var du heldig og heldt deg sånn høveleg frisk gjennom skuleåret, hadde du rett på nokre fridagar og fritimar på slutten.

På den eine sida er det vel slik at det for mange ville vore betre å tidleg komma til ei form for behandling for psykiske vanskar som gjer det vanskeleg å fungera slik samfunnet forventar, enn at dei skal hangla seg gjennom skulen for sidan å enda opp som arbeidsudyktige fordi krava til konformitet vert strengare.

For andre vil det verta eit stigma å verta erklært «arbeidsudyktig» allereie lenge før dei er i arbeid. For skulen er ikkje arbeidslivet, og det gjev ikkje meining å dra for mange parallellar mellom dei. I skulen skal det vera stort rom for å feila, for det er ein plass for å læra. Til dømes om sin eigen kapasitet og måtar å meistra det tilsynelatande overveldande på. Skulen skal vera ein trygg plass, som stiller krav ut frå observerte føresetnader hjå den einskilde, ikkje ut frå omsyn til ein eller annan marknad eller standard eller forretningsmodell.

For nokon (og her trur eg det handlar både om elevar og føresette) vil det opplevest som eit stigma å i det heile skulle innrømma at dei slit psykisk. Det ser ikkje ut til å hjelpa kor mange som «står fram» med sine ulike psykiske plagar. Det er kanskje ikkje lenger «noko ein ikkje snakkar om» (i den grad det nokon gong har vore det), men det er veldig langt igjen til det er noko ein aksepterer på lik line med fysiske plagar. Ingen (unntatt vaksne menn, men dei er stort sett ferdige med skulen) ville vel finna på å protestera mot at dei fekk sjå til å komma seg til legen og få sjekka den vondten i ryggen, magen, foten eller kvar han no sit. Ingen ville finna på å seia at kanskje du berre skal ta deg saman og gå på den brotne foten din, så vert han nok betre etter kvart. Slik er det ikkje med psykiske plager, før dei eventuelt (og det gjer dei slett ikkje alltid) blomstrar til full katastrofe.

Så ja, nei, eg veit ikkje. Om der no fanst eit tilbod ut over det å få skriven ut ein attest, skulle eg kan hende vore meir entusiastisk. Å ha papir på at du er sjuk, gjer deg jo ikkje friskare. Å måtta slutta i skulen på grunn av nokre ekstremt dårlege dagar gjer deg neppe friskare, det heller, og det styrker i alle fall ikkje sjansen for å komma i arbeid seinare. Sjølv om noko av det som hjelper best mot mildare psykiske plager er den sosiale omgangen og dei daglege rutinane eit arbeid kan gje.

Eg veit verkeleg ikkje.

Men eg er jo berre lærar.

Advertisements

Den hersens russen?

Eg underviser ei avgangsklasse i år, fire timer i veka. Og eg har gjort det før. Eg let meg forferda av språkbruken i Tix og andre sine russesongar. Og eg har gjort det før. Eg ristar på hovudet over pengebruken på bussar og klikkifiseringa som følgjer av det. Og det òg har eg gjort før.

Men altså. Om eg vaknar ein morgon og synest alt i grunnen er nokså kjipt, er det ingenting som hjelper meir enn ein time eller to i selskap med desse unge vaksne i raude kjeledressar eller snikkarbuksar (eg er litt glad for at kjeledressane er attende, for dei kan ein kjøpa billig overalt kor dei sel arbeidsklede, og så kan russeprofitørane stå der med dei fancy katalogane sine og grina).

Russen i Vadsø køyrer ikkje buss. Dei rullar i sivile bilar. Dei kjem på skulen, stort sett nokonlunde tidsnok og nesten alltid med godt humør. Dei jobbar hardt. Dei ordnar og styrer med russeavis, russetur og ymse arrangement.

Eg er ikkje sikker på at det er ein god idé å prøve å ta frå dei dette, som tydelegvis ei mengde rektorar synest. Som eg har vore inne på før, om alt du lærer på skulen, er å vera ein god elev, er lærdommen bortkasta den dagen du går ut.

Arve Hjelseth skriv innsiktsfullt om russefeiringa som overgangsrite i Dagbladet. Eg trur det er sunt for skulen, òg, å oppleva at dei i nokre veker på tampen ikkje lenger har full kontroll over elevane. Eg trur korleis dei utnyttar denne sjølvhevda «fridomen» reflekterar korleis dei har opplevd seg behandla inntil han inntreff.

Du skal ikkje tru det vert sommar.

(Kanskje eit forsøk på å snakka om to heilt ulike ting på ein gong)

Av alt det kloke og fine Astrid Lindgren har skrive, er «Idas sommervisa» ein personleg favoritt, som vende tilbake til meg då eg starta våronna i hagen langhelga som var.

Du ska inte tro det blir sommar

i fall inte nån sätter fart

på sommarn och gör lite sommrigt.

Då kommer blommorna snart.

For det er jo så lett å tru at me er underkasta naturlovene og at sommaren kjem anten me vil eller ikkje. Berre eit barn ville tenkja som Ida gjer.

Og jo vaksnare me vert, som menneske og som samfunn, jo meir vert me bundne av denne tanken at ting berre skjer. Det er slik det er. Det er naturen sin lov. Det er økonomiske tyngdelover. Det er tradisjon og kultur og skikk og bruk og slik som det alltid har vore. Noko av det fine med å vera barn, tenkjer eg, er vel at jamvel om ting alltid har vore slik dei er, har dei ikkje vore det så veldig lenge. Difor synest eg det er fint å skifta yrke med ujamne mellomrom.

Noko med det fine med å undervisa i historie, til dømes, er å heile tida vera medviten om (og formidla) at ting har slett ikkje alltid vore som dei er no. Ikkje eingong sommaren, som truleg heller ikkje vil verta til å kjenna att i tida som kjem, fordi me som samfunn har vore litt for ivrige med å «göra lite sommrigt».

Så til det som handlar om skule. Eg las Inger Merete Hobbelstad sin kommentar i Dagbladet i dag, og eg kan vel innrømma at eg las ho med mindre velvilje enn eg les Astrid Lindgren, ettersom eg har hatt innvendingar før mot andre ting ho har skrive om skulen. Og no skriv ho endåtil om min skule. Finnmarksskulen.

«Pengene pøses inn», skriv Hobbelstad, men det er demonstrativt feil. Pengane pøsast ikkje inn, men ausast ut av dei vidaregåande skulane i Finnmark, til liks med alt anna som er kommunalt og fylkeskommunalt finansiert og ikkje «øyremerka».

Eg veit ikkje om det er meininga, men ho let etter seg eit inntrykk av at Finnmark er eit fylke av reindriftsutøvarar og fiskarar. Dette er feil. Det er for så vidt òg feil at det er noko stort problem for skulane at elevar droppar ut for å jobba med rein eller fisk. Det NIFU-rapporten ho viser til seier, er at der finst ein levande idé om dette å velja andre vegar enn skulevegen, om at «det gode liv» handlar om heilt andre ting enn det du lærer på skulebenken.

Men ein idé er berre ein idé. Som andre har påpeikt: Jamvel fiskarane frå førre generasjon og den før der, veit at vegen til ei trygg framtid økonomisk og på andre vis, går gjennom utdanning. Dei fleste reindriftsutøvarane, fiskarane og bøndene eg kjenner, har ganske mykje av det. Og mellom dei etter kvart hundrevis av elevane eg har hatt, har det aldri vore eit problem at nokon tek nokre dagar fri i samband med slaktetid, elgjakt eller kva det no er desse naturmenneska i Finnmark driv med.

Problemet med finnmarksskulane er ikkje finnmarkingane. Ikkje eingong NIFU har hevda noko slikt. Problemet med geografien og demografien er relevant, men fråfallet ser heller ikkje ut til å først og framst handla om bortebuarane, men like gjerne dei som bur heime og av den grunn «vel» ei utdanning dei er grunnleggjande uinteressert i. Det vert ikkje sommar om du ikkje gjer noko sommrigt. Då vert mørketida tung og lang, som Jovold òg er inne på.

Eg trur heller problemet er at ein innimellom vert litt for overtydd om at det vert sommar utan at ein gjer noko som helst sommrigt. Og då vert ikkje bena fulle med spring, heller.