Pølser og politikk

Ein burde jo kanskje vera glad, sidan det er mi eiga fagforeining sitt framlegg som ser ut til å verta resultatet av reality-dramaet «fråversgrense» i Stortinget. Eller farsen, eller kva i all verda slags sjanger ein skal plassera det i.

Men eg er mest skuffa, kjenner eg.

Det hjelper ikkje at dette kjem på toppen av ein meir lokalpolitisk såpeopera om vidaregåande utdanning, som eg kanskje eller kanskje ikkje skal skriva om ved eit seinare høve.

Men altså: Er det verkeleg for mykje forlangt at dei som driv og utformar lovar og regelverk for utdanningssektoren tek oppgåva meir alvorleg enn å krangla om siger og nederlag? Newsflash: Dette handlar ikkje om dokker, Audun Lysbakken, Trond Giske, Torbjørn Røe Isaksen, Trine Skei Grande og kven dokker no er alle saman. Det handlar om unge menneske og framtida deira. Om nokon vinn eller tapar, er det dei, og ikkje dokker.

Mitt eige parti står tilsynelatande fast på sitt nei til ei nasjonal fråversgrense, etter råd hovudsakleg frå elevar og eige ungdomsparti. Eg veit ikkje, som eg har vore inne på før, om dette er klokt eller uklokt. Men det er i alle fall eit standpunkt. Og om eg no skulle vore oppteken av det politiske spillet, ville eg vel tenkt at det er eit godt teikn at den noverande regjeringa må finna andre enn Venstre til å støtta seg på i mange saker. Det samarbeidet som har vore, har vore slitsamt, og ingenting tyder på at det vert lettare med tida.

Men alvorleg talt. Eg skit vel i kven som kjem ut av dette som politiske vinnarar. Dette handlar om folk som er langt viktigare enn noverande, komande eller tidlegare statsrådar og regjeringar. Dette handlar om dei som skal overta heile greia. Då synest eg ein kan forventa eit minstemål av alvor og grundigheit.

Så eg applauderar at det skal følgja forskning med innføringa av ei fråversgrense, og at mykje tyder på at det òg vert opna for lokalt skjønn.

Det er ille at nokre lærarar opplever seg tvungne til å setja ein karakter meir eller mindre i lause lufta på ein elev dei knapt har sett eller høyrt frå. Det ville vore endå verre å verta tvungen til å stryka ein elev ein har sett åttini eller åttifire prosent av tida, heilt uavhengig av kva eleven har brukt den tida på. Det første er faktisk ikkje ein situasjon politikarane har skapt, det er noko som oppstår når krav om gjennomstrøyming vert tolka ekstremt av skuleeigar eller skuleleiing. Det siste… Vel.

Tidlegare undersøkjingar har antyda at lærarar tross alt veit sånn nokonlunde kva dei heldt på med. Noko tilsvarande har eg ikkje sett om stortingspolitikarar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s