Skuleskyting

Om to ting eg har gjort dette skuleåret. Det eine var skummelt og ubehageleg, det andre involverte skarpladde våpen.

Dagen etter det dødelegaste skyteåtaket i amerikansk historie er eg på skytebana med nokre 16-åringar for at dei skal læra seg å bruka ei hagle. Dette skjer same året som skulen eg jobbar på har investert ganske mykje i eit alarmanlegg til bruk ved «pågåande dødeleg vald». Alarm-øvingane som følgde etter monteringa av det nye anlegget, var langt meir foruroligande enn dette. Eg synest ikkje det er kjekt å læra elevane korleis dei skal oppføra seg dersom skulen kjem under åtak. Det er rett og slett ein forferdeleg ting å måtta gjera. Men eg kjenner at det er heilt greit å læra dei korleis dei skal bruka eit skytevåpen.

Eg er litt beroliga av det normale og ustressa ved situasjonen (i sterk kontrast til det unormale og stressa ved å liksom-gøyma seg bak låste dører i rom der ein til vanleg skal driva undervisning innanfor trygge rammer). Her står dei i skytterhuset og viftar med kvart sitt haglgevær, og det finst ikkje skummelt. Ungdommane handterar dei med stor ro og berre sånn måteleg stor fascinasjon. Dei fleste har brukt eit før. Eit våpen er, i deira kultur, ein kvardagsleg bruksgjenstand. Og eg ser og gler meg over meistringsgleda deira etter kvart som leirduene byrjar splintrast og falla flagrande i tusen knas til bakken mellom vindkasta.

Eg korkje jaktar eller skyt på blink sjølv, men til liks med dei aller fleste i min generasjon, har eg lært meg det grunnleggjande om korleis eit skytevåpen fungerer og korleis ein handterer det trygt. Det er ingenting skummelt med det, i og for seg sjølv. Mange eg kjenner, kanskje dei fleste, har eitt eller fleire ståande eller liggjande ein eller annan plass i huset. Nedlåst, vel å merka. Demontert. Heilt ubrukeleg til «home defense».

For ingen av dei har skaffa seg våpen for å forsvara seg mot noko som helst (med mogleg unnatak for dei som er på Svalbard, der ein risikerer å møta det einaste dyret i verda som ser menneske som eit fullt dugande bytte, og ei jaktrifle såleis kan vera kjekt å ha i ein trengt situasjon). Folk har våpen for jakt eller sport eller båe delar. Det kan ein synest kva ein vil om, men det er ikkje farleg. Med mindre du er ein elg eller ei rype, men jamvel då er nok sjansane overveldande for at du døyr av naturlege grunnar som svelt eller rovdyråtak lenge før ein jeger får tak i deg.

Så eg tenkjer at Michael Moore hadde eit poeng i si tid, at det er ikkje med naudsyn våpenkulturen i USA som er problemet deira. Det er frykt-kulturen. Folk gjer ukloke ting når dei er redde.

Og eg tenkjer at det er veldig vanskeleg å ikkje verta redd når forferdelege ting skjer. Men det er veldig viktig, òg.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s