Bjørn om vinteren kunne eg nok framleis tenkt meg å vera (ei summativ vurdering)

Eg har sagt det før, og seier det gjerne igjen: Eg har verdas beste jobb. Og det har ingenting med lange feriar å gjera. Å vera lærar om sommaren ser mykje betre ut på avstand enn det gjer på nært hald.

I dag avslutta lærarane arbeidsåret med kaffi, påsmurde rundstykke, kaker og mykje prat. Eg er ikkje så flink til prat (men eg er ein jævel på kaffi) og synest framleis ein skule utan elevar er ein sjellaus plass å vera, så det var greit for meg at dagen slutta tidleg.

Eg veit der finst folk som gler seg til sommarferien. Det gjer nok eg, òg, når eg får tenkt meg litt om. Men dei første dagane kjennest underleg tomme. Det har vore så mange farvel, til elevar ein kanskje aldri ser att, til kollegar som skal skifta beite. Arbeidsbordet er rydda, som om eg aldri skulle komma attende, for eit nytt skuleår er alltid litt som å skifta jobb. Det er nye elevar, nye fag, nye læreplanar og nye læreverk (og eg kan uansett ikkje lata rotet ligga i to månader, i tilfelle det skjular seg noko forderveleg under papirbunkane som har hopa seg opp i løpet av skuleåret). Makulatoren har gått på høggir i fleire dagar, sekkevis med ting ein trudde ein kanskje kom til å få bruk for ein eller annan gang er motvillig slept til søppelcontainaren.

Så står ein der plutseleg, utanfor skuleporten (som berre finst i metaforisk forstand der eg jobbar) og tenkjer: Kva no?

Eg tenkjer ikkje eigentleg at lærarferien er for lang. Han er faktisk akkurat like lang som andre sin ferie, dei ekstra vekene er tvungen avspasering for alle dei lange kveldene med store rettebunkar. Eg tenkjer at eg hadde vore ein frykteleg dårleg pensjonist. Eg er betre til å fylla andre sine dagar enn mine eigne. Heldigvis har eg sommarjobb i år.

Så eg gler meg til august. Og viss nokon har lyst til å finna på noko i mellomtida, er det berre å seia frå.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s