Om litteratur og svevnløyse (ei liste)

Ni store leseopplevingar ein kan hende var litt for ung for då dei fann stad, år for år etter hugsen:

1) William Golding: «Fluenes herre» («The lord of the flies»). Cirka ti år. Etter å ha fortært «Robinson Crusoe», «Den hemmelighetsfulle øya» og «Mytteriet på Bounty» oppsøkjer den unge lesehesten nye beretningar om folk stranda på aude øyar. Sit vaken i senga påfølgande netter og funderer over kor grunnleggjande vonde menneska er.

2) H. P. Lovecraft: Tingen på terskelen («The thing on the doorstep»). Cirka 11 år og endeleg innehavar av lånekort til vaksenavdelinga på biblioteket. Sit vaken i senga ein periode, råka av kosmisk angst. Eller som dei unge seier no til dags: WTF?!

3) Jules Verne: «Tsarens kurer». Cirka 12 år. Sit vaken i senga og undrast korleis det kjennest å få augneloka svidd av.

4) Playboy magazine. Cirka 13 år. Sit vaken i senga og undrast på mykje rart.

5) J.R.R. Tolkien: «Ringenes herre» («The lord of the rings»). Cirka 14 år. I grunnen ikkje for ung for innhaldet, men for tidleg på popularitetskurva. Går rundt med eit svært univers inne i hovudet som er heilt ukjend for andre. Sit vaken i senga nokre netter og undrast kva som finst i Rhûn.

6) Stephen Donaldson: «The first chronicles of Thomas Covenant». Cirka 15 år. Sit vaken i senga og lurar på kva i pokker det her eigentleg er for noko.

7) Ingvar Ambjørnsen: «Hvite Niggere». Cirka 16 år. Veit enno ikkje at eg sidan skal tilbringa fleire år på ein luguber loftshybel i Nygårdsgaten. Sit vaken i senga og lurar på om det ikkje er på tide å verta stoffmisbrukar.

8) Fjodor Dostojevskij: «Forbrytelse og straff». Cirka 17 år. Sit vaken i senga nokre veker og lurar på kva tilgjeving er.

9) Jens Bjørneboe: «Bestialitetens historie». Cirka 18 år. Ein er vel i grunnen aldri gamal nok for dette. Sit framleis regelmessig vaken i senga.

Heiderleg omtale: «Mesteren og Margerita», «Dropar i austavind», «Earthsea», «Eigilssoga».

Advertisements