Skribenten prøver å verta nostalgisk for vinyl

Musikalske overraskingar er alltid hyggeleg.

Då eg i si tid fylte 33 og ein tredjedels år, arrangerte eg, som seg hør og bør, ein LP-bursdag der alle inviterte tok med seg ein bunke plater, som me lytta til med stor fagnad og mykje krangling, på ein platespelar som ikkje var min.

No er eg 45 og altså singel, og har for første gong på svært lenge skaffa meg ein eigen platespelar. Med stor forventing klatrar eg på loftet og finn fram posen med gamle skattar som eg i alle desse åra ikkje har kunna høyra på.

Då viser det seg altså at ein av gjestene frå den gong har fått med seg feil pose heim, og har etterlate seg nokre bra obskure 70-tallsepos med psykedelisk cover, fulle av overprodusert europeisk prog-rock-greier ingen har høyrt om. Pluss eit godt slitt eksemplar av eit heilt middels Kim Larsen-album.

Det let no fint, uansett. Og ein kan sjå at det går rundt.