Ein som ikkje veit kva det er han ikkje kan (og kjenner at det i grunnen er greit)

Naboen min set fingeren på det, etter å ha ramla innom ei førestilling i Harstad:

«Absolutt verd en bilett eller to, sjøl om æ slit litt med å vite hva dette skal kalles i det kulturelle landskapet», skriv han.

For kva er det eigentleg me driv med?

Ting må jo ha namn. Korleis kan ein vurdera, eller meina noko som helst om, noko som ikkje først er kategorisert? Eg underviser jo i sjangerlære, for svarte pokker.

Og av og til, når eg ikkje gjer det, så gjer eg altså noko namnlaust, saman med vener, eller til og med saman med temmeleg framande folk. Les høgt, medan nokon andre spelar musikk. Ikkje med det eine som tilbehør til det andre, men i samspel. Det er fint og oppmuntrande å merka kor lett det kan vera å få litteratur og musikk til å snakka saman. Songen er ur-forma av båe delar.

Men eg kan altså ikkje synga. Eg kan lesa og skriva, i alle fall i teknisk forstand. «Kan» er jo eit verb med vidt bruksområde, frå det heilt innsnevra «får lov til» til det rosande «meistrar til fulle». Ein eller annan plass derimellom finn ein det meste av menneskeleg aktivitet. (Og her hadde det vore freistande å kasta seg inn i ein diskusjon av den norske og danske tydinga av det modale hjelpeverbet «må», ettersom eg, som dei fleste eg kjenner som syslar med slikt, ikkje skriv først og framst av di eg kan, men av di eg må).

Av og til likar eg å minna meg sjølv (og andre) på at det er langt fleire som har høyrt mine upubliserte tekstar enn det er folk som har lese dei fleste diktsamlingar som er publisert i same tidsperiode. Fleire gongar har eg snappa opp ei diktsamling frå biblioteket si 10-kronershylle av ting dei berre vil bli kvitt, og oppdaga at boka aldri har vore opna. Du kan høyra kneppet av limet i ryggen som brekk, eller til og med måtta skjera frå kvarandre sider som kappemaskina ikkje heilt har truffe. Og dette er bøker som vart gjevne ut for lenge sidan.

Eg seier ikkje at det er ein god ting. Eg synest folk skulle kasta alle sjølvhjelpsbøker og kriminalromanar dei har og fylla opp hyllene med diktsamlingar i staden. Helst av nolevande diktarar som brukar halvparten av tida si på å skriva søknader til kulturrådet i staden for å skriva dikt. Men det gjer jo ikkje folk.

Og likevel spør folk: Har du gjeve ut noko?

Nei, burde eg svara. Eg har ikkje det. Då er det jo ingen som hadde fått det med seg.