Dag tolv: Snakk litt med katten. Det er han som er varast i garden.

Ein førebels konklusjon: Hotell med kattar er ni gongar betre enn hotell utan. Etter to netter på heilt kattefrie, heilt greie og nokså keisame kjedemotell i nokså greie, heilt keisame og til forveksling like utkantområde i forskjellige byar i det indre av USA er eg installert i eit rosa trehus i Marigny-distriktet i New Orleans, og sjølvsagt har dei ein katt som patruljerar bakgarden utanfor romdøra. Svart over ryggen med kvitt bryst og kvite sokkar, lange bak og korte framme. Han tek høfleg imot kos, men let seg ikkje distrahera frå pliktane sine, for nabolaget er fullt av lauskattar som kanskje kunne tenkt seg ein bit av dette store og freistande territoriet.

Ein ulempe med å reisa landevegen er at ein kjem fram seint og sliten. Ein fordel med å reisa landevegen er at ein faktisk har gjort noko for å verta sliten. Med fly frå Fort Worth tek det ein time og tjue minutt. Legg til transport til og frå flyplassane, innsjekking, sikkerheitskontroll og ørkeslaus venting så vert det fort fire-fem timar. Med bil tek det knapt åtte timar, pluss lunsj-, kaffi- og pissepausar, ein halvtimes tid med stamping i rushtrafikk inn og ut av Baton Rouge og nokre nervepirrande kvarter gjennom tropiske regnbyger som reduserer sikta på highwayen til nær null. Når ein i tillegg er fartsblind og tenkjer at ein kryp av garde i 55 mph vert det … vel, ei oppleving. På ein måte flyreiser sjeldan vert det, med mindre det er melkeruta til Tromsø i vinterver.

På Eddie’s Smokehouse i Alexandria treff eg til dømes på ein busslast med ungar i ti-tolv-årsalderen på utflukt arrangert av kyrkjelyden deira. Dei er baptistar. Når ein kjem frå sekulære strøk tek det tid å venna seg til ein kultur der religionen er så sentral og framtredande på alle område. Ikkje like prangande her sør som i Texas, men ein viktig del av kvardagen, identiteten og livet til veldig mange eg møter. Ettersom kyrkjesamfunna er sjølvdrivne, ulikt den norske «folkekyrkja», vert det å høyra til ein kyrkjelyd meir ein sosial enn ein individuell ting. Trua er ikkje henvist til privatsfæren.

New Orleans er ein slik by ein berre kjenner seg velkommen til. Veret er ikkje det beste, og byen er heller ikkje heilt attende til sitt gamle sjølv etter Katrina, men han diskar opp med det han har. Fargerike nabolag, tronge gatar med handmåla skilt på butikkar og kafear, blømande buskar og tre over det heile. Det minnar meg om Bergen på sitt beste, men det er stillare her. Kanskje av di det er måndag kveld.

Ein misser fort oversikt over vekedagane når ein er på reise, særleg i døgnopne land som her. På onsdag skal eg plukka opp ein haikar i Tennessee. I morgon skal eg berre vera her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s