Dag tretten: The big easy fortel historier

Eg likar som regel byar der kollektivtransport er ein attraksjon i seg sjølv. Trikken i New Orleans er museal og mekanisk, går seint, bråkar som eit lite helvete og har ikkje meir air-conditioning enn du lagar sjølv ved å opna vindauget. Men i den fuktige varmen er det betre, om ikkje mykje raskare, enn å gå.

Eg er skikkeleg dårleg på shopping, men for første gong sidan eg flytta frå Bergen har eg kjøpt meg ein paraply, sidan erfaringa frå den gong er at om det er utrygt for regnver, er den beste måten å sikra at det held seg opplett på, å ha med seg paraply. Slik magisk tenking sklir rett inn i voodoo-mentaliteten, tenkjer eg.

Kvelden vert brukt på ein story-slam på Cafe Istanbul (meir om det konseptet sidan), men før eg går dit (og etter den heller fruktlause shopping-ekspedisjonen til Canal Street og tilliggjande herlegdomar) får eg tid til å prata litt med naboane.

Flyttebyråarbeidar Steven frå Seattle er på ferie saman med ein kompis og kollega, høg som ein skorstein på TCB-vape og klar for nokre rimelege kvinnfolk. «Eg er i trettiåra no, alt eg ønskjer meg er ein familie og ein heim», fortel han. Han pleide å «get fucked up» heile tida. No er horene og dopet strengt avgrensa til ferietida, forsikrar han. Heime er han heilt clean.

Jeff er lokal, ein veteran frå den første gulfkrigen, dimittert med skuddsår i beinet og ein lett hjerneskade, i tillegg til rikelege dosar  med PTSD. Han har slutta å drikka, får marijuana frå omsorgstenesta for veteranar for å halda psyken i sjakk, og har budd her på motellet i tre månader medan han ventar på bostønad etter ein episode med eit haglgevær som førte til at kona tok ut skilsmisse og kasta han ut. Om dagane tiggar han («I don’t carry a sign or anything, I just sit on a bench with my dog, and people give me money»), og får nok til å sørga for tak over hovudet, mat til bikkja (som både er «rescue dog» og sertifisert «service dog»), og lagerleige for alle tinga sine. I alle fall foreløpig. Veterantenesta melder at dei har godkjent søknaden hans, dei berre ventar på finansiering, og Jeff reknar med at president Trump ordnar den biffen. Jeff veit alt om kvar ein får tak i billig mat i nærområdet, til dømes ved å møta opp når Domino’s stenger pizza-buffeten sin klokka eitt om natta, og han kjenner alle hotellkattene.

Eg håpar det går bra med Jeff. Med Steven, òg, for så vidt, sjølv om han er eit rævholl. Eg håpar eg ein gong får høve til å koma attende til denne byen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s