Dag fjorten: Selskap!

19964825_10159010660080300_1126538698_n

Just an old, sweet song keeps Georgia on my mind…

Reisefølget syng. Kjærkomen avveksling etter lange dagar med eit nokså avgrensa repertoar av musikk frå mobilen gjennom bilstereoen.

Sørstatene er, blant mykje anna, ei nær konstant påminning om dei mørkare delane av USA si historie. Akkurat som Berlin ber i seg spora etter fryktelege gjerningar, ber New Orleans spora av fortida som ein hovudstad i den transatlantiske slavehandelen.

Likevel, eller kanskje òg litt derfor, er det ein plass det ikkje er godt å forlata, sjølv om highwayen ut derifrå er like spektakulær som vegen inn, bygd på pålar over sumplandskap og grunne lagunar. Lenger nord i sørstatene tørkar jorda opp og du kjem til plantasjeområda som slavane dyrka. Stadige brune severdigheitsskilt fortel om slagplassar og minnesmerke frå borgarkrigen. Mississippi. Alabama. Tennessee. Så sørover att til Georgia, altså, der me sjekkar inn på eit motell i Atlanta ved solnedgang.

Neste stopp vert mellom fornøyelsesparkar og sumplandskap i Florida.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s