Dag femten: Park

Så eg er i ein fornøyelsespark. Ikkje der eg hadde forventa å enda opp, men likevel på eit vis nærare hjartet av Amerika enn mykje anna. Dette er den amerikanske draumen; å kunna ta med familien til Disney World, eller til Universal Studios sin park, der me har slått oss til for eit par netter.

Enno har me ikkje prøvd ut attraksjonane, berre nytt utsikten over dei frå hotellvindauget i ellevte etasje (fyrverkeriet over Disney World er synleg over åsene nokre kilometer unna) og sippa drinkar ved bassenget under ein tordenskytung Florida-himmel. Blytunge regnskyll og tordenbygar har følgt oss hit, men synest å halda seg på sånn halvvegs bettryggande avstand, sjølv om det enno buldrar i det fjerne og den utandørs kinovisninga i hotellhagen er avlyst på grunn av fare for regn.

Eg tenkjer at fornøyelsesparken er eit godt bilete på korleis Amerika-turen på eitt vis er: Ein ser seg ut dei attraksjonane som ser mest interessante og spektakulære ut, og brukar mykje tid på å traska mellom dei, handla snacks og drikke og kjenna seg varm og ukomfortabel. Det sler meg likevel kor rart det er at eit land med så mykje fint å sjå og oppleva, i tillegg har sett seg nøydd til å konstruera seg heilt oppdikta ting å sjå og oppleva.

Men eg er glad for at dei gjorde det.

Advertisements

One thought on “Dag femten: Park

  1. Herlige reisebrev – du finner historier overalt der du fær- men sliter litt med å forestille meg deg posere med Mikke Mus og Donald da !

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s