Dag seksten: Dei kallar det ikkje Universal Studios for ingenting

Kven eig den amerikanske kulturarven? Forbausande mykje er innafor Universal Studios sin portefølje av intelektuell eigedom. Ikkje berre slikt som Harry Potter, Transformers, heile Marvel-universet, Jurassic Park, King Kong, The Simpsons og Despicabale me, men òg TV-kanalen MSNBC sitt flaggskip The Tonight Show, 80-talsklassikarar som E.T. og Back To The Future, klassiske teikneseriar som Popeye, Krazy Kat, Pogo, Betty Boop og til og med Dr. Seuss er representert i den gigantiske temaparken.

Langt mindre einsretta enn Disney altså, men aktivitetane er underleg einsformige. Ulike variantar av klassiske tivoli-rides, gjerne spjåka ut med litt tredimensjonal virtual reality eller gamaldagse animatronics (eller båe) for å få den fysiske opplevinga av å verta rista og veiva rundt i tre dimensjonar til å passa med det universet ein til ein kvar tid befinn seg i.

Det er jo moro. Tivoli og berg-og-dal-bane sluttar aldri å vera moro, og mykje anna er lagt vel til rette for at folk skal trivest. Det er varmt og godt ute og svalt og fint inne, reint og ryddig og fullt av smilande, forståingsfulle tilsette og farge- og fantasirike gjenskapingar av både imaginære plassar som Galtvort og høyst reelle som New York, London eller Los Angeles.

Men altså: Korleis vart Universal denne altomfemnande giganten innan moderne amerikansk (og internasjonal) populærkultur? Disney har jo alltid vore det, og dei aller fleste vil nok kjapt kunne gjera greie for figurar og univers som høyrer Disney til. Universal er liksom meir tåkefyrsteaktig, inntil ein altså ser dette digre komplekset i utkanten av sumplandet i Florida der dei viser fram det beste av det dei sit på i semi-interaktivt format (dinosaur-senteret i Jurassic-parken burde vera eigna til å ta bort det vesle som måtte finnest av paleontologisk kunnskap hjå dei håpefulle små som spring rundt her).

Kvifor akkurat her? Av same grunn som studia valde seg Hollywood: Billeg land, stort sett greitt sommarver året rundt, og lave skattar.

I morgon er det ut i sumpane på jakt etter alligatorar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s