Dag sytten: Alligatormamma er ikkje der

Amerika er eit fantastisk land å køyra bil i, men kan vera eit slitsamt land å parkera i. I alle fall viss ein vil vera andre plassar enn langs motorveien, der det synest å vera ubegrensa med areal til både sjølve vegane og dei tusenvis av bensinstasjonar, fast food-sjappar, kjøpesenter og anna som ligg ved kvar bidige avkøyring. Det er kanskje difor det er så mange verneområde, òg. Reservat for viltlevande dyr og plantar, tilsvarande reservata for dei innfødde amerikanarane. Ta Everglades nasjonalpark, til dømes, som er den tredje største i USA utanom Alaska, men likevel berre dekkjer ein femdel av vassdraget han er tenkt å verna.

Eks-fiskaren Eddie er ein hyggeleg fyr og fører luftbåten med stødig hand over ope vatn, vannliljefelt og inn trange kanalar langs dei attgrodde breiddene av den store, men grunne innsjøen Tohopekaliga. Undervegs gjev han overtydande små foredrag om økologien i og rundt vassdraget, og menneska sin tradisjonelle plass i den, før Kissimee vart ein slags forstad til fornøyelsesparkane i Orlando, med dusinvis av tilbydarar av turist-turar ut i sumplandskapet.

Likevel ser det forbausande ruralt ut her, det er langt mellom husa og vegane er ikkje stort breiare enn dei treng å vera. Wild Willy’s Airboat Adventure ligg i ein trailerpark/campingplass i enden av ein fire miles long blindvei som fører rett inn på motorvegen, så langt frå sivilisasjonen kan ein ikkje påstå at me er. Men her er eit yrande fugleliv – hekkande sumphøner, hegrer av mange slag, ein og annan fiskeørn og alskens vassande, dykkande og flaksande fjærkre. Fisk er det òg rikeleg av, frå små agnfisk til svære, sportsfiskar-attraktive big mouth bass, som i alle fall er storkjefta nok til å vera ein naturleg fiende av alligatorungane det første leveåret deira.

Og altså alligatorar. Store, saktesømjande hannar ligg på vakt eit stykke utanfor sivkanten, og inne ved land pilar årsgamle ungar rundt reirplassane, der årets kull ikkje er langt frå å klekkast. Men alligatormamma, ho er ikkje der ho brukar å vera, tydelegvis til litt overrasking for kaptein Eddie. Ho brukar ligga nær reirplassen og vokta for eggtjuvar, men i dag er plassen hennar tom. Kanskje er ho litt lei av å verta forstyrra av nærgåande turistar i luftbåter. Kanskje vart ho berre svolten.

Det gjer ikkje så mykje. Me får no uansett helsa på nokre litt større ungar inne på land att, for den der «nær ein alligator»-opplevinga. Dei er søtare enn ein skulle tru.

Det same kan ein vel seia om amerikanarane. Dei gjer så godt dei kan, trur eg. I morgon skal me til hovudstaden.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s