Dag atten: Frå sørstatane til Washington

Reisefølget er noko kritisk til navigasjonsdugleiken, men me kom fram til hovudstaden før natta fell.

Eit par steinkast frå det ikoniske, femkanta bygget som rommar forsvarsdepartementet er dei fleste husa i nabolaget inngjerda og merkt med åtvaringsskilt. Eg vil tru dei andre kundane i hotellbaren er her på offisielt ærend. Dei ser slik ut. Men kanskje er dei berre turistar, dei òg.

Turen nordover går gjennom dei  eldste koloniane, og nokre av dei mest konservative statane. Ein plass i landskapet, usynleg, finst eit kulturskilje. Så langt nord som i Virginia får me auga på eit digert sørstatsflagg som heng slapt nedover flaggstanga i det vindstille regnvêret.

Vegen inn til Washington ber preg av at det er ein plass mange skal til. Trafikken står og stampar i tre og fire felt, og på tross av talrike feltskift for å finna det som går raskast, ender me stadig opp i den same, vesle gruppa med bilar. Det er sikkert ein lærdom å henta der. Kanskje.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s