Byrjingar

Ein del av oppstarten av skuleåret er å setta klassereglane. Grunnlova, så å seia, for det som skal gå føre seg i klasserommet. I mine timar prøver eg ut ein regel som går om lag slik: Det er heilt greitt å avbryta meg (eg får no som regel sagt det eg har å seia uansett). Men det er ikkje greitt å avbryta kvarandre. Om du har noko å leggja til eller seia imot, så skal du gje teikn, venta og lytta.

Eg tenkjer av og til: Set eg eigentleg elevane i stand til å møta vaksenlivet om eg held på den regelen? For der ute gjeld det jo å snakka i kjeften på kvarandre, og så teia når makta snakkar. Og så snakka i kjeften på kvarandre igjen.

Frå ferieturen til USA har eg med meg nokre faksimileutgåver av den amerikanske grunnlova og sjølvstendeerklæringa til å visa fram for elevane når me startar historieundervisninga. Og eg har tenkt å seia dette: Moderne historie (altså verdshistoria frå ca. 1750 og utover) er ei nesten ubrutt rekkje av heilt forferdelege hendingar. Tidvis så forferdelege at det er vanskeleg å ta inn over seg at det i det heile kan ha hendt. Krampegråt-forferdelege ting. Marerittaktige ting.

Men det byrjar så vakkert og så skjørt, med nokre ord om menneskets eigenverd, skribla ned i sirleg løkkeskrift på tynt papir: Me held desse sanningane for sjølvsagte: At alle menneske er skapt like. At dei har retten til liv, til fridom og til å søka lukka.

Eg veit ikkje heilt om det er ein illustrasjon av kor lite ord er verdt (ein god del av dei som signerte erklæringa, var tross alt slaveeigarar) eller om det er ein illustrasjon av kor mykje ord er verdt. Men eg gler meg til å diskutera det spørsmålet med elevane.

Advertisements

Faktisk heilt irrelevant?

Faktisk.no vart lansert med ikkje ubetydeleg fanfare i forkant av valkampen. Endeleg skulle det finnast nokon som etter utanlandske førebilete heilt uhilda kunne ropa «pants on fire» når norske politikarar eller media for med direkte løgn.

Den siste raudflagga meldinga er altså at Høgre har brukt omgrepet «helsesøstre» i staden for «tilsette i førebyggande helseteneste ved helsestasjonar og i skulehelsetenesta» i ei samanlikning av korleis førebyggande helsetenester har utvikla seg under ulike regime. Konklusjon: Faktisk heilt feil.

Der finnest ingen kategori hjå faktisk.no som heiter «slurv», men eg kan ikkje med mi beste eller vondaste vilje sjå at Høgre fer med løgn når tala på eine sida viser seg å vera pluss 41 i staden for minus ni, og pluss 410 i staden for pluss 600 på andre sida. Det er unøyaktig, upresist, kanskje til og med tendensiøst, men får altså direkte raudt kort frå faktisk.no. Så feil som det er mogleg å bli på deira skala. Og det er om ein ser bort frå unøyaktig bruk av stillingsbenevningar. Korvidt dei ulike kategoriane tilsette har same eller liknande funksjon, er ikkje vurdert. For faktisk.no er det tal som tel, og det beste forsvaret mot løgndetektoren deira synest å vera vag og omtrentleg.

Sjølvsagt skal ein prøva å vera nøyaktig i kommunikasjonen. Sjølvsagt skal ein bruka stillingsomgrep rett. Men eg er stygt redd for at viss den politiske løgndetektoren til norske media er så fintfølande, vil han oftare treffa ytterpunktet i skalaen enn å eigentleg visa noko meiningsfullt. Litt som eit utetermometer i Finnmark som går opp til pluss 50, men berre ned til minus fem. Det viser sikkert rett når det er fint ver, men det har avgrensa nytte når det vert skikkeleg kaldt.

PS: I ein annan artikkel framgår det at faktisk.no vurderer utsegner ut frå kva informasjon som var tilgjengeleg for den som fremma ytringa på tidspunktet ytringa vart fremma. Det tyder på at dei er ute etter å avsløra medvitne løgner, men òg at dei eigentleg ikkje er så opptekne av om ting er sant eller ikkje.

Det er den draumen

Lat oss freista ein mjuk overgong frå reiseblogg til undervisningsblogg:

Å fortelja folk om reisene dine, anten det skjer skriftleg, munnleg eller (grøss) gjennom lysbildeframvisningar, er litt som å fortelja kva du har drøymt. Du hugsar det vagt sjølv, det framstår litt meiningslaust for både deg sjølv og tilhøyrarane, og det er emosjonelt såpass mykje viktigare for deg sjølv enn for mottakaren at det fort vert eit gap mellom dykk.

Slik er det å undervisa i historie, òg.

Etter ei epost-utveksling med ein kollega byrja eg å tenkja på kva me kan framheva av den lokale historia når me planlegg neste skuleår. Det er mykje, men mykje av det tener til å understreka at då Historia (altså den med stor «H») vart skriven, var det ingen som gav ein pøkk om kva som skjedde her.

I oldtidshistoria kan ein då snakka relativt oppmuntrande om at ein gong levde det folk her som handsama naturen og landskapet så omsorgsfullt at det er nesten ikkje spor att etter dei. Men om du ser skikkeleg nøye på dei steinane der (nei, ikkje dei, dei her borte), så ser du at dei har vore ein ildstad. Eller ei tufte. Eller, forresten, det var visst berre nokre steinar likevel.

I nyare historie må ein fortelja at her skjedde det grusame ting under krigen som ingen tok seg bryet med å dokumentera ordentleg, og i den grad noko hende før den tid, så vart spora etter det svidd av, utan at nokon laut stå til ansvar for det.

Ikkje heilt svidd av, sjølvsagt. Ikkje heilt borte. Eg bur sjølv under eit tak som vart reist lenge før både første og andre verdskrigen. Noko er alltid att. Det er ofte sagt at det er vinnarane som skriv historia, men då handlar det meir om korleis ho vert fortald. Det kjennest meir presist å seia at det er overlevarane som skriv historia. Bortsett frå at historia sjølvsagt ikkje har overlevande.

Det fine med å formidla historia akkurat her, er at eg så ofte må seia at «me veit ikkje». Me veit uhorveleg mykje, og meir og meir detaljert, om det som vart att, og framleis svært lite om det som er borte. Alt det som ikkje vart fortald.

Og det følest enklare å forklara, frå denne ståstaden, at historia er desse få bitane me har, og ein god del bitar som me rekonstruerar etter beste evne. Slik kan ein forklara metodikk i historiefaget på ein meiningsfull og aktuell måte.

Men det er farleg, òg. For det er slik konspirasjonsteoriar vert til. Ein legg for mykje og feil energi i å fylla ut desse hola. Men likevel vert ein kanskje meir medviten om korleis ein kan skilja skit frå kanel i oppnøstinga av kva som har hendt når det handlar om temmeleg kvardagslege ting.

Kanskje.