Brev frå kolonien

No når den kalde krigen er over – kva skal me med Finnmark?

Av Lars O. Haugen

På russisk side av den kortaste norske grensa skjer ei storstilt, organisert avfolking. Tal er vanskelege å koma over, men truleg er folketalet i gruve- og industribyane på Kola-halvøya om lag halvert på dei drøye ti åra som har gått sidan nordflanken forsvann som strategisk interessant grense i verdspolitikken. På norsk side er nedgongen i folketal mindre imponerande, men så skjer han òg på tvers av vedteken politikk.

Først ei personleg saksopplysning: Ein av mine forfedre, kommandørløytnant Hartvig Segelsche, var ein del av den danske kolonimakta i Finnmark og kommanderte på Vardøhus festning fram til han døydde i 1787. Det einaste som finst att etter han på festninga, som enno står meir eller mindre som i hans tid, er eit dørhandtak som svigersonen hans, løytnant Knud Nyegaard, smidde. Løytnant Knud Nyegaard, min tipp-tipp-tippoldefar, reiste frå Finnmark i 1786. Skipet hans forliste, og han miste alt han hadde spart seg opp under åra i kolonien samt arva etter svigerfar kommandøren, men berga seg sjølv og familien. Då han døydde, i 1841, var han likevel ein halden mann, og etterlet seg ein formue på 2446 daler. Sokneprest Jersin heldt ei sers rosande tale over avlidne, heiter det i ”Bygdebok for Alenfit”.

Sju år seinare, i revolusjonsåret 1848, skjedde det som historikar, tidlegare statssekretær og no sametingsrepresentant Steinar Pedersen (Ap) kallar ”et av de største historiske falsknerier i Norge”. Då erklærte den norske regjeringa gjennom odelstingsproposisjon 21 det året, at Kongen frå gamal tid hadde hatt eigedomsretten til all grunn i Finnmark.

”Gamal tid” er i dette tilfellet mogleg å tidfesta temmeleg nøyaktig til 22 år. I 1826, medan løytnant Knud Nyegård framleis strevde med å byggja seg opp etter forliset 30 år før, vart dei austsamiske områdene i Neiden og Pasvik, innlemma i kongeriket Noreg etter avtale med tsarens Russland. Så seint som i 1751 høyrde store deler av Finnmark under svensk jurisdiksjon.

Finnmark var altså innlemma i kongeriket Noreg og grensene trekt rundt, og gjennom odelstingsproposisjonen i 1848 vart dette enorme området med eit pennestrauk omgjort til eit Terra Nullius, eit område Kongen kunne krevja som sitt eige. Dette til tross for at til dømes Lappekodisillen av 1751, ein del av avtalen med Sverige om å overta Indre Finnmark, stadfestar samisk eigedomsrett og ressursforvaltning i desse områda. Likeeins hadde samiske bygder ved kysten og i fjordane ei av Kongen anerkjent rett til å styra over nærområdene.

Men i den ferske nasjonalstaten Noreg tenkte ein annleis enn i territorialstaten Danmark-Noreg. I nasjonsbygginga var det liten plass for samar anna enn som eksotiske, vandrande nomadefolk som følgde reinen på lange vandringar gjennom urørt natur. Fastbuande samer som eigde og dyrka jorda var gode nok som skattobjekt for danskekongen, men passa ikkje inn i det nasjonale sjølvbiletet etter 1814. Myten om det nomadiske samefolket fekk raskt fotfeste. Drøyt 50 år etter den plutselege og totale oreigninga av Finnmark, kom jordlova av 1902, som sler fast at berre dei som kunne og brukte norsk språk, kunne kjøpa seg jord.

Tross Alta-demninga har mykje vatn runne i havet sidan den gong. Snarare enn å demma opp, gav Alta-utbygginga ekstra kraft til kravet om at Finnmark skulle førast attende til dei som ein gong eigde det, altså til samane. Eit enormt utgreiingsarbeid vart sett i gong. I 20 år arbeidde Samerettsutvalet, med fleire underutval, med ei ny ordning for forvaltning av ”land og vann” i Finnmark.

Det var ikkje mange som fylde språkkrava til å kjøpa seg jord. 96 prosent av grunnen i Finnmark er framleis eigd av staten. Enn så lenge vert desse eigedomane forvalta av Statskog, som i utgreiingsperioden har gått frå å vera eit forvaltningsorgan til å verta eit AS. 96 prosent av grunnen i Finnmark er altså eigd av AS Statskog, som igjen er eigd av staten. AS Statskog rår over kven som får fiska i vatna, kven som får hogga seg ved i skogen og kven som får festa tomt til hus eller hytte.

I utgreiinsperioden har staten Noreg dessutan ratifisert ILO-konvensjon nummer 169, som mellom anna sler fast at urfolket i eit område skal ha rett til å ”eiga og besitja” sine landområde, og vidare har staten oppretta Sametinget, eit politisk organ som bokstavleg tala berre har symbolsk makt, ettersom dei har bevilgande makt over dei midla som Stortinget avset til styrking av samisk språk og kultur.

I år skal Stortinget venteleg vedta finnmarkslova. Regjeringa har fremma sitt framlegg om ny lov i Stortinget, men prosessen vart bremsa opp av kraftige protestar frå Sametinget. Dei meinte finnmarkslova ikkje oppfylde dei folkerettslege krava i ILO-konvensjonen. Regjeringa oppnemnde to juridiske ekspertar til å gå gjennom dette, og dei konkluderte med at framlegget ganske riktig ikkje oppfylde krava i ILO-konvensjonen om rett til å ”eige og besitja”. Regjeringa gav seg ikkje med det. Dei hyrde inn mot-ekspertise, sjølvaste Carl August Fleischer, som i ein hemmelegstempla rapport nyleg lekka til media i Finnmark hudflettar både argumentasjon og konklusjonar hjå dei to juridiske ekspertane.

Det påfallande med regjeringa sitt opphavlege framlegg til lov, er at det over hovudet ikkje liknar på det framlegget som Samerettsutvalet kom med. Rett nok vil regjeringa overføra eigedomsretten til eit nytt forvaltningsorgan, som skal ha eit styre oppnemnd av Sametinget og fylkestinget. Men der det offentlege utvalet som sto bak utgreiinga drøftar og splittar seg i spørsmålet om kven som skal oppnemna flest, meiner regjeringa at dei skal oppnemna like mange, og at eit siste (avgjerande, så å seia) styremedlem skal oppnemnast av Regjeringa.

Dei mange framlegga til lokal forvaltning av utmarksrettar som utvalet kom med, er ikkje med i lovframlegget. Derimot er det understreka at staten skal ha ei sterk oreigningsrett.

Det er fristande å sjå desse grepa i framlegget til finnmarkslov som eit steg mot re-kolonialisering av Finnmark. Då Statskog vart aksjeselskap, forsvann den direkte politiske styringa av grunnforvaltningen. No kjem ho attende.

Grovt sett finst der to formar for kolonivelde: Det statlege, administrative og det økonomiske. Det statlege og administrative kjem til uttrykk gjennom finnmarkslova si mistillit til lokalbefolkninga. Den økonomiske kolonialiseringa av Finnmark vaks nordover frå Bergen allereie i den tida då hansaen herska i den byen. Kommandør Hartvig Segelsche kom frå Vestlandet, og føyde seg inn i ei lang rekkje kommandørar som hadde styrt denne utposten mot Russland, utan nokonsinne å fyra av kanonene. Den første festninga i Vardø skal ha vore reist allereie på 1300-talet. Kva var det han skulle verne?

Finnmark har, som koloniar flest, alltid vore rik på ressursar og fattig på alt anna. Først og framst har Finnmark Barentshavet, som rommar store, stabile fiskeressursar, både til industribruk (lodde) og til føde (kvitfisk). Lik norskekysten lenger sør og vest bytta kystfolket fisk nordfrå mot korn sørfrå og sat att med lite av båe delar. På Aust-Finnmark gjekk byttinga austover i staden, til Arkhangelsk og andre busetjingar rundt Kvitsjøen, den såkalla Pomor-handelen, som i romantiske tilbakeblikk gjerne vert framstilt meir jamnbyrdig enn dei vestnorske fiskehandlarane sitt velde. I alle fall gav den tosidige handelen sjøveges, kombinert med vintervegen over vidda frå Finland, opphav til dei to første byane i Nord-Noreg, som båe fekk sin bystatus i 1789.

Revolusjonen i Russland sette ein stoppar for handelen austover, så brått at einskilde pomorlodjer ikkje eingong kom seg heim, men sokk til slutt på havna, fri for mannskap. Åra etter første verdskrigen vart uår i Finnmark.

Etter andre verdskrigen følgde ein unik periode av kontinuerleg aukande velstand (rett nok aukande frå eit absolutt nullpunkt etter brenning og bombing hausten 1944), og Finnmark var nett i ferd med å innhenta resten av landet på ulike velstandsindikatorar då den førre torskekrisa melde seg i åra rundt 1990. Torskebestanden var faretrugande låg, og fiskeriministeren frå Berlevåg, Oddrunn Pettersen, gjorde det ingen hadde våga før henne: Ho kvoteregulerte torskefisket.

Dei plutselege og (samanlikna med seinare år) svært små kvotene, og mangelen på råstoff som følgde, førte til eit ras av konkursar i den kapitalfattige fiskeindustrien på finnmarkskysten. Den øvrige fiskerinæringa i Noreg var ikkje sein om å gripa sjansen til å kjøpa billege, men topp moderne anlegg. Staten greip inn med ulike tiltak som skulle gjera det lett å starta verksemd i Finnmark. Med seg på laget fekk dei folk som brødrene Aarsæther (i dag West Fish-Aarsæther) i Ålesund, Silfas i Bergen og Domstein-konsernet på Måløy.

Finnmarkstiltaka synte seg å ha ein einaste overordna effekt: Å gjera det lettare for vestnorsk fiskerikapital. Arne Eriksen og andre har dokumentert korleis regelverk med dei beste intensjonar vart utnytta til å skaffa kontroll med dei ettertrakta ressursene i Finnmark.

Eitt døme: Det er forbudt å selja eit fartøy med trålkonsesjon ut av Finnmark. Av den grunn er slike fartøy lite verdt dersom dei er registrerte her – halv pris har vore anslått frå kjelder i fiskeridirektoratet. Dermed oppsto postkasserederia. For prisen av eit lite kontor (eller om så berre ei postkasse og eit telefonnummer) i ein finnmarkskommune kan du sikra deg femti prosent rabatt på ein trålar som kvart år hentar fisk verdt mange millionar opp frå Barentshavet. På papiret er trålaren framleis ein finnmarkstrålar, men i realiteten er han administrert frå til dømes Tromsø eller Ålesund, og leverer sine fangster i dei beste interessene til reiarane der. Det vil ofte seia at fangstene ikkje vert levert i Finnmark, men gjerne i Tromsø, der auksjonsprisene er høgare grunna enklare transport til marknaden. For å hindra dette, innførte departementet ei ordning med leveringsplikt, men denne har overveiande vorte ignorert.

For å gjera det endå meir komplisert, har styresmaktene gjort det ulovleg å omsetja kvoter. Derimot kan ein omsetja båtar med kvotar. Eit vrak kan såleis vera verdt millionar, ettersom det ein gong fekk tildelt retten til å fiska torsk, og rederiet kan fiska denne torsken med andre båtar. Dermed er det ikkje berre interessant å sikra seg ein rimeleg finnmarksbåt for å fiska med han, men vel så interessant å selja han vidare til nokon som treng større kvote til sin båt.

Fiskeripolitikken for Finnmark har alle kolonialismens kjenneteikn: Tildeling av privilegium til einskilde foretak, tett samrøre mellom administrasjon og forretningsverksemd og så bortetter. Tida vil vise om den raskt veksande petroleumsnæringa vil få den same strukturen. Dette er nemleg den andre store ressursen som skjular seg under det forblåste havet her ute, ein ressurs løytnant Knud Nyegård var lukkeleg uvitande om, men sterkt medverkande til at landet han tente fekk taket på.

For dei som er skeptisk til oljeutvinning i sårbare, arktiske strok, kom den noverande krisa i fiskeindustrien i Finnmark svært ubeleilig. For kva kan vel lettare fremma eit folkekrav om rask utbyggjing enn ei bølgje av arbeidsløyse i samfunna som ligg nærast dei uutnytta ressursene der ute? Folkekravet har kome, og nye leitekonsesjonar er alt utdelt, til tross for at ein ikkje er ferdig med konsekvensutgreiinga for miljøet.

Nyleg var politikarane i Finnmark (dei er ikkje så fælt mange), frå kommunestyre, fylkesting, Storting og sameting, samla for å finna ut kva strategiar som skulle leggjast for Finnmark. Olje- og gassnæringa fekk ein framtredande plass. Det fekk òg Turid Moldenæs, som foredrog om ”forteljingar om Finnmark”. Ho trekte fram komedien, tragedien og romansen som moglege forteljingar om Finnmark. Ho trekte ikkje fram den litteraturkritiske retninga som heiter postkolnialisme. Men ho nemnde ein ting som eg trur ho må ha henta derifrå: Forteljinga om Finnmark er alltid fortald utanfrå. Denne òg. Skribenten er ikkje fødd her og har ikkje slekt her, anna enn ein fjern forfar som tente som festningskommandant og okkupant. Om han finst ingenting å lesa her. Om sonen hans kan me lesa mykje frå den dagen han forliste og vart vaska i land lenger sør på kysten. I Finnmark er det berre eit dørhandtak att. Dermed skulle det vera bevist at her finst opningar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s