Lukta av tenåringsånd

(ein parentetisk merknad om 1990-talets populærmusikkhistorie)

«Here we are now, entertain us,» song Nirvana i 1991. «Let me entertain you», song Robbie Williams i 1999. Kva hadde skjedd?

«Here we are, now entertain us»

Hausten 1991, den hausten eg fylde 20 år, var eg den lukkelege eigar av ein billett, rosa på farge og prisa til dyre, men ikkje urimelege 130 kroner, til ein konsert på rock-klubben Garage i Bergen med det lovande undergrunnsbandet Nirvana frå Seattle, USA. Dei hadde nett gjeve ut plata «Nevermind», som me – eg sjølv og andre unge menn med sparsom skjeggvekst og tvilsam klessmak eller unge kvinner med rikeleg hårvekst og tilsvarande sluskete i klesvegen – iherdig gjennomlytta medan me venta på det som skulle ha vorte høgdepunktet på konsertfronten den hausten.

Nærare skulle eg aldri koma dette middelmådige, men epokeskapande tremannsorkesteret. Tidsanda ville det annleis. «Nevermind» selde i millionar, og ein liten klubb med plass til 200 menneske i ein kjeller i ein skandinavisk provinsby verka mindre og mindre forlokkande for managementet. Konserten vart flytta til ei større scene, og sidan avlyst. Nirvana spelte i Oslo og på Roskilde-festivalen året etter, men eg var ikkje der. Magien var borte. Ingenting irriterer ein elskar av alternativ populærmusikk så mykje som når høgt skatta og obskure kultband plutseleg vert allemannseie. Snart hadde Nirvana bytta selskap frå uavhengige SubPop til eit av dei store multimediakonglomerata, vokalist Kurt Cobain gifta seg med Courtney Love frå Los Angeles-bandet Hole og skaut seg kort tid etter i den populærmusikalsk mytiske alder av 27 år, like gamal som Jimi Hendrix, Jim Morrison og Janis Joplin vart.

«I feel stupid and contagious»

Då «Nevermind» vart gjeven ut, var Robbie Williams seksten år og ein av fire gutar i Take That, ei popgruppe med nøye koreograferte dansar som dei framførte til computer-generert musikk med banale tekstar om tenåringskjærleik.

I ein forstand er Take That (og andre, liknande «boy bands» som Backstreet Boys, Westlife, A1 og framfor alle, kan hende, dei evinnelege, kvinnelege Spice Girls, som framleis, årevis etter gruppas endelikt, pregar kjendisblada og kultursidene i norske laussalsaviser) vel så karakteristiske for perioden som den seinare kanoniserte grønsjen. «Boy bands» er eineståande i sin elitisme; tusenvis av håpefulle 16-18-åringar stilte på audition hjå plateselskapet for å verta del i eitt av desse nøye marknadstilpassa produkta, ein slag kulturindustridesign, der både talent, utsjånad og karisma nøye vart vurdert og tilpassa det totale kunstverket skapt eller danna av bandet, låtskrivarane, produsentane, marknadsavdelinga, videoregissørane, mediarådjevarane, media sjølve og publikum – i all hovudsak pubertale og seksuelt vaknande jenter. I dette gesamtkunstverk hadde Williams rolla som rampeguten, han som såg litt ut som han i niande klasse som brukte skulka skulen og dra inn til sentrum for å skeita på torget eller stela røyk i butikken. Litt, men ikkje nok til å alarmera foreldra eller overtyda nokon over 15 om at mannen (guten) nokonsinne ville greia balansera på eit rullebrett eller stela noko som helst (han hadde no uansett råd til det meste).

I 1995, året etter at Kurt Cobain døydde og same året som eg fekk min første verkelege jobb, gjekk Take That i oppløysing. Robbie Williams starta for seg sjølv og hadde ein viss suksess i heimlandet. Han fekk likevel ikkje sitt definitive gjennombrot før utgjevinga av «The Ego Has Landed» i USA i 1999. Kurt Cobain ville kalla oppfølgjaren til «Nevermind» for «I hate myself and I want to die». Rørsla frå «Eg hatar meg sjølv og vil døy» til «Egoet har landa», frå sjølvhat til sjølvforelsking, rammar inn 90-talet og oss som gjennomlevde det som våre eigne 20-år (lik ein parantes rammar inn eit innskott av vilkårleg lengde i ei setning (og slik parantesane framstår like (populærmusikalske) er dei ved nærare ettersyn motsetnader (vende kvar sin veg), men ved ettertanke komplementære (utfyllande)), slik at den fullstendige forståinga av innskottet berre kan nåast når dei umake parantesane er samla inn og rekna opp). Kva var det i grunnen som skjedde?

«She’s over bored and self assured»

Grønsjen hadde sitt utspring og opphav i Seattle på den amerikanske nordvestkysten, i eit miljø rundt plateselskapet SubPop, der band som Mudhoney, Melvins, Alice in Chains, Pearl Jam, Smashing Pumpkins og altså Nirvana gav ut sin primitivt produserte, enkelt oppbygde og aggresivt framførte musikk. Der 16-årige Robbie Williams trødde auditions, slepte den like gamle Kurt Cobain nokre år tidlegare lydriggar, trommesett og gitarar for Melvins, grønsjen sine musikalske gudfedre, før han og kompisane Krist (Novoselic) og Dave (Grohl) fekk sine første spelejobbar på lugubre klubbar i dei stroka av Seattle turistar vert fråråda å ferdast i.

I vidare forstand enn den musikalske er grønsjen ein del av slacker-kulturen, som mellom anna er levande og detaljert skildra i Peter Bagges teikneserieføljetong «Hate Comics», men kan hende mest avslørande i filmen «Slackers». Ordet er eldre enn kulturen, ein slacker har i alle år vore ein som droppar ut av high school eller college, tar ein serie lågtløna og lågt verdsette jobbar i tenesteytande sektor og lever slik han gjorde som student – billeg, omstreifande og ansvarslaust.

Både slacker- og grønsj-kulturen var amerikanske motkulturar. Kan hende oppsto dei som seine etterdønningar av den britiske pønken, idet det anarkistiske og nihilistiske derifrå møter det klesstils- og andeleg orienterte i den amerikanske hippie-kulturen (slik den amerikanske hippie-kulturen to tiår tidlegare møtte den britiske arbeidarklassekulturen og danna (i musikken) britisk heavy metal, som gjennom mange mutasjonar gav opphav til Motorhead, som i 1976 gav ut «Ace of Spades», som i ettertid heilt klårt framstår som den første pønk-skiva i England, medan i USA hadde MC5, The Stooges og andre spela slik musikk sidan 60-talet (og då den gamle Stooges-sjefen Iggy Pop låg døyande på asylet, kven andre berga «pønkens oldefar» enn David Bowie, dette erkebritiske motstykket til pønken og alt han stod for) og slik held kryssinsemineringa fram over Atlanterhavet medan det kontinentale Europa berre får med seg toppane og ser kvar av dei som isolerte fenomenar: rock’n’roll, psykedelia, heavy metal, pønk, house, etc.)

Både slacker- og grønsj-kulturen er amerikanske motkulturar, i den grad noko slikt overhovudet er mogleg i eit så genuint fleirkulturelt samfunn som USA. I nokon mon er USA ein nasjon av motkulturar, dei fleste med europeisk opphav, med ein «mainstream-kultur» som berre ein liten (men synleg og mektig) minoritet bryr seg om og vedkjenner seg. Denne hovudstraumen er på si side så vag og altfemnande (særleg etter at hippie-kulturen vart innlemma i takt med at hippiane nådde den alderen der dei trong tenka karriere og makt), og her ligg grønsjen si frigjerande kraft. Mot det altfemnande maktspråket er det Nirvana reiser sitt aggressive, opprørske «Nevermind»: «Nei, gløym det. Det var ingenting. Eg skulle nett til å gå, uansett».

Nirvana kom seint inn i biletet, og øydela på eit vis heile Seattle-bølgja med sitt gjennombrot, samstundes som dei laga det albumet som vert ståande som sjølve definisjonen på sjangeren. «Nevermind» er allsongvenleg og forførande, men samstundes prega av det mørke, faretrugande som kjenneteikna grønsjen. Versa i nøkkellåta «Smells like teen spirit» er dvelande og drøymande, følgd av hamrande refreng som etter intense gitarangrep får noko antemisk eller hymne-aktig over seg, før heile låta ebbar ut i ei stendig meir desperat gjentaking av frasen «A denial!». Den tilsynelatande idylliske balladen «Come as you are» er utstyrt med eit uhyre enkelt gitarriff spela gjennom ein flanger som gjev det ein urovekkjande kvalitet, lik ein sinnsjuk person som manisk repeterer meiningslause handlingar eller stavingar. «Negative creep» er meir tydeleg aggresiv, fiendsleg og sjølvhatande, men har si motvekt i nostalgisk, lengtande såre «Something went away» eller den humoristiske «Polly».

Men ved sidan av det musikalske, er det eitt trekk ved Nirvana som er viktig å leggja merke til, og som bidreg sterkt til at nett dei vert faneberarane for grønsj-opprøret: Vokalist Kurt Cobain syng så utydelig at det er klin umogleg å få med seg teksten. Dette vart ikkje minst viktig ettersom tekstene til «Nevermind» ikkje vart trykt i coveret, men først gjeven ut i lag med singelen «Lithium» nesten eit år seinare.

Om Nirvana altså representerte eit ungdomskulturelt opprør, var det vanskeleg å få med seg nett kva det gjekk ut på. Og nett av den grunn gav dei eit perfekt uttrykk for slacker-kulturen, som var like ideologisk utydeleg. Dei drakk, hora og siterte kjende språkfilosofar, men ingen har så langt greid å seia noko definitivt om kva dei ville, anna enn nett dette. Platetittelen «Nevermind» er eit klart ekko av Sex Pistols’ «Never Mind The Bollocks», men der Johnny Rotten klart og tydeleg skrik «I am an anarchist, I am the antichrist», mumler Kurt Cobain noko om at «I feel stupid and contagious». Så er det òg ein lang veg frå dei klåre ideologiske skillelinene på 70-talet til det tidlege nittitalet og krigen mot Irak, som innleidde «The New World Order».

«Load up on guns and bring your friends»

Januar 1991, på Hulen i Bergen. Det er nachspiel på Hulestyret sitt kontor, med open bar og høg og stigande stemning. På fjernsynet i hjørnet, som ein eller annan har funne på å skru på, dukkar dåverande president George Bush (utan dobbeltve) opp for å kunngjera at amerikanske bombefly er i lufta over Irak. Noko overraska konstaterer eg at fleire av dei som er til stades gret openlyst. Som om dei veit at ei uavvendeleg forandring er i gong.

«Here we are now, entertain us», lyder imperativen i «Smells like teen spirit,» som første gong vart framført tre månader seinare, og meir illevarslande i innleiinga: «Load up on guns and bring your friends».

Året etter starta beleiringa av Sarajevo og den andre krigen som skulle definera 90-talet som politisk røynd gjekk inn i ein ny fase. Nirvana gav ut «Incesticide» – insektmiddel –, ein tittel som gjev (tilsikta eller utilsikta) assosiasjonar til den etniske reinsinga (genocide) sitt vokabular. Krist Novoselic, bassisten i Nirvana, er kroat eller første generasjons amerikanar, Seattle er òg ein by som meir enn dei fleste amerikanske ber preg av det tjuande århundre sine europeiske motsetnader. Hit, til den ytterste vestkysten, det sist erobra landet i den nye verda, kom flyktningane frå dei konfliktane, dei naudsåra og dei pogromane me enno hugsar og har dårleg samvit for. Samer og andre nordlendingar, finnar, austeuropearar, sigøynarar.

«Our little group has always been,

and always will until the end»

Nok ein sein kveld på studentstaden Hulen i Bergen. Dansegolvet er fullt då musikken brått vert skrudd av og disc-jockeyen annonserer med alvorleg røyst at Kurt Cobain er funnen daud. Kunngjeringa vert følgd av bøygde hovud og eitt minutt stille.

Cobain var, tross sine dyre dopvanar, ein halden mann, men den største skatten han etterlet seg, var alle songane. Desse arva kona Courtney Love, etter eit langt og bittert rettsoppgjer med dei to gjenlevande i bandet. Kan hende markerer dette arveoppgjeret ein endeleg siger for kulturindustrien over kulturen som sjølvstendig felt.

I alle fall gjer 90-talet det. I USA vart «The digital millenium copyright act» vedteken mot slutten av tiåret, parallelt med ei bølgje rettssaker mot internett-tenester som distribuerte piratkopiert musikk. Ved sidan av nok ein gong å forlenga utløpet for Disney-konsernet sin copyright på Mikke Mus-figuren, stadfestar og utvidar dette lovverket ideen om «intellektuell eigedom», prinsippet om at ein idé ikkje tilhører fellesskapet, men er eit omsetjeleg gode. Forutan å forhindra piratkopiering av kunstverk, gjer dette det til dømes mogleg for ein bedrift å stempla kritiske forskningsrapportar om verksemda eller produkta deira, eller metodene i dei mindre kritiske rapportene, som forretningsløyndomar.

Mellom ideane som vart søkt patentverna på 90-talet, var ideen om å bestilla noko via internett ved å klikka med musa som heng og dinglar på PCen. Eit leiande firma i elektronikkindustrien erklærte at dei ville flytta fokus frå produksjon til patentvern som forretningside. Dei tente betre på at andre laut betala lisens for å nytta idear dei hadde utvikla enn på å utvikla nye idear eller produkt, eller produsera noko som helst (konkret, vel å merka – det vart produsert atskillige stemningar og prosessuelle skriv). Tusenvis av produksjonsarbeidarar mista jobben til fordel for ein handfull advokatar, truleg utan at personalkostnadane vart vesentleg lågare.

Men året etter at Love vann over restene av Nirvana, bryt Robbie Williams ut av Take That, og vinn ei lang rettssak mot plateselskapet, som meiner han er kontraktforplikta til aldri å gje ut soloplater. Han vert altså tilkjend eigedomsretten, om ikkje til den kunsten han har skapt, så til den han enno har til gode å skapa. Slik òg for dei attlevande medlemmene av Nirvana, som båe har aktive solokarrierar. Like mykje som desse rettssakene dreier seg om kunst mot kulturindustri, dreier dei seg om individet sin siger over kollektivet. Bandet Nirvana tapte mot buet til sin eigen vokalist, og Williams vann mot sine tre med-dansarar.

«Something went away»

I 1999 kom «The Ego Has Landed» ut i USA. Same året gjev Robbie Willliams ut «Millenium» i Europa, og syng gamle Sinatra-låter utan noko som helst forsøk på å synleggjera at det er 40-50 år mellom originalinnspilling og hans eigen versjon.

I Vadsø, der eg på den tida hadde opphalde meg i nær to år, vert prosjektet «Kulturhuset Hermetikken» etter kvart til «Hermetikken kultur- og næringshage». Gjennom namneskiftet og innføringa av omgrepet «næring» oppnår det ambisiøse restaureringsprosjektet for den gamle hermetikkfabrikken den naudsynte offentlege støtte, og snart òg stor interesse hjå lokale kapitalistar.

Lat oss setja opp to alternative teser.

Tese ein: Nirvana (og «Nevermind») representerer innleiinga til ei sterkare industrialisering og kommersialisering av populærmusikken, gjennom sitt «sell out» frå alternativt selskap med eigen distribusjon til eit multimediakonglomerat (der kunstnarane – musikarar, filmskaparar, skodespelarar, sportsmenn – produserer «content» til det som er investeringsobjektet eller arbeidskapitalen, nemleg «channels»: TV, radio, internett, mobiltelefonnett, platebutikkar etc. etc.), og endå meir gjennom sitt endelikt, oppgjeret av buet til vokalisten og låtskrivaren.

Tese to: Nirvana (og «Nevermind») representerer, som grønsjens høgde- og endepunkt, eit foregripande siste forsøk på å påpeika og opponera mot industrialiseringa av (den alternative) kulturen. Dei syng, ironisk: «Here we are now, entertain us/I feel stupid and contagious». I videoen til «Smells like teen spirit» står duskedamar med anarkist-logo på T-skjortene og heiar fram bandet, som øydelegg sceneutstyret og gjer vald på publikum. Dei vert oppslukt av det dei skildrar, vert den underholdningsindustrien dei spottar. Sjølvmordet er den naturlege, tragiske utgongen.

«A denial!»

Tese tre: I november 2002 kom det ut eit samlealbum med nokre av Nirvana sine mest kjende songar. Inntektene bidreg (vil eg tru) i stor grad til oppfostringa av sonen til Kurt Cobain. Samstundes gav Robbie Williams ut eit nytt album, med tittelen «Escapology» – «fluktologi», «Hermetikken næringshage» opna dørene og eg barberte vekk fippskjegget eg hadde hatt sidan 1990. Den tidlegare trommeslagaren i Nirvana, Dave Grohl, gjer det godt saman med ei gruppe som kallar seg Queens of the Stone Age. Og det er det dei er. Dronningar av steinalderen, av den primitive, tilbakeståande tida. Den gongen song dei «Here we are now, entertain us». Først no er det nokon som svarar. «Let me entertain you». Nokon syner vegen ut. Fluktruten. «Escapology». Vegen til Nirvana.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s