Barents-trilogi

Nord-Varanger

Landet her

ligg strekt ut

som vokalar i ein arie

tremolo av laus stein

og buskar

langs synsranden, kysten

buktar seg austover

forma av straumdrag og bølgjeslag

lik ei garnlenke

av fiskevær

Ivalo (melankoli)

Ei gate møter ein annan,

overraska, som når vener

treff kvarandre i polkø

ein fredag og skal på kvar sin fest,

pratar høglytt om det, før dei

hastar vidare, båe. Attende

i krysset ein klynge hus

som veit om

to festar

og ikkje er inviterte.

Wilhelm Barents

Eg veit ikkje kva du leitte etter

her, i isen, var det

berre det, kan hende

at Rotterdam

vart for keisamt

i lengda? Og Steller –

korleis var det med

den anda? Var du

svolten

og visste ikkje kva det var

du hadde skote?

Eg veit ikkje, men eg trur

det må ha vore

noko anna.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s