Postkort frå Murmansk

Kjem det før meg, så har hjarta mitt mista seg her
mellom dei gamle trehusa øvst i bakken og dei
glisande rimkledde kranene på hamna
eller eg har tenkt for lenge på dette:
Kva skriv ein postkort for?

I Storbritannia, den gang postkort
og sommarferie
var noko nytt og framand sende
arbeidskameratane kort til dei
som var i Blackpool
og vandra i svart/kvite stimar
med sixpence og side skjørt

inn og ut
nedover piren ut over sanda,

det lange tidevatnet drukna folk
kvar sommar, dei
vart ståande på sandbankar, avskorne
frå stranda medan det kalde vatnet i
irskesjøen
fylde skjørta og knestrømpene med vekt
numne i knea sto dei og ropte
og av og til
kom ein båt fram i tide, ofte
— og særleg i mørkret — ikkje.
«Wish you were here» skreiv kameraten
heime i Manchester,
Birmingham Brighton Liverpool Newcastle
on Tyne attmed spinnehjulet,
dreiemaskina, skulle ønskja
du var her,
tenkjer eg på medan kranene på hamna i Murmansk
løfter betongelement, stålkonstruksjonar,
containarar over på tog, på bilar, stablar dei opp
i sinnrike rekkjer og høgder der gaffeltruckane
når fram og finn dei jakkene, det fatet, den
fargerike vesle ballen blant mange andre
som vesle Valodja fekk til fødselsdagen
og ein laushund stakk av med i kjeften
berre dagar seinare, Valodja var alltid
skeptisk til hundar etter det, han
vart kan hende mange år sidan til dømes
truckførar og gift
med ei songlærarinne med slekt i Sochi
som sender postkort
frå Svartehavet og ønskjer at
dei var der, i det varme, solfylte landet
med små tidevannsskilje og mørke netter
medan Murmanskfjorden
hevar og senkjer seg
som djupe, hikstande, sterke
andedrag, som før eit skrik eller
etter at ein har grete,
menneskja pustar grunt, gjennom nasen
for å skåna halsen for den sviande, kalde
lufta i februar, skulle ønskja at

dei var der.
Men om kortet
kjem etter meg fram,
slik det ofte hender, er alt dette
likevel sant.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s