Songen om dei to elskande

Prolog

Nede ved elva i Komagvær

Står to krokute bjørketrær

Med stammane tvinna kring kvarandre

Veks dei i lag ved den aude stranda

Dei veks i saman, men kvar for seg

Og røttene strekkjer seg kvar sin veg

Men til sumars, når lauvspretten her har starta

Får dei saman éi kruna, med form som eit hjarta.

Balladen om Kristina frå Bergeby

Utanfor Esso i Vuonabahta
sto dei og fraus i den kalde natta
Kristina, Aili, Beate og Mette
samla i jakta på… den rette?

Rundt dei gjekk bilane sakte i ring,
gjennom dei sota vindauga synst ingenting.
Ei jente klyv inn i ein trang BMW,
ei jente kjem ut med vaginal gonoré.

Mest står dei og ser, med dei frys og angrar,
stundom er gutta i byen og ranglar.
Då hender det Kristina, Aili og Mette
går heim til Beate og prøver å gjette

kven som vert først til å få seg ein mann
og kor lenge ho greier å halda på han.
“Eg skal no flytta til Oslo,” seier ei,
“gutane der er vel betre enn dei

som køyrer rundt her utan andre planar
enn å banka opp første og beste afghanar
og køyra heim att til mora og sova
og spy på seg sjølv i fylla og lova

at snart skal han konsa på skulen og selja
den styla Toyota’n og skutern og velja
ein utdanningsveg innan IT og data
og mora vert stolt og prøver å lata

som at ho trur på han, heilt til i kveld,
for då køyrer han rundene likevel,
og ligg snart og spyr på seg sjølv igjen
og spør om han ikkje kan låna litt spenn

for Atle har gjeld til ein kompis i Tana
som kjenner ein kar i Hells Angels, og…” “Faen’a,
kan du ikkje slutte,” seier Mette.
“Du får ikkje betre i Oslo enn dette,

det er like gale, men gutta her nord
veit i det minste at verda er stor
og trur ikkje at dei er niggaz frå Queens
med ei tante som kan voodoo i New Orleans.”

“Nei,” sa Kristina, “men gutta frå Sirma
har ei tante som kan ganna, med eige firma
i healing- og helsekostbransjen, og mamma
er like forbanna åleine, for far sit i gamma

med hagla og spritflaska, nett som i Queens,
med kamodrakt og caps ifrå U.S. Marines.”
“Hald opp,” sa ho Mette, “du veit det så vel:
Du kan drøyma og le, men likevel:

Ein dag skal du stå der i brurekofte
slik andre har stått både titt og ofte,
med magen synleg og skjebnen segla:
Ungar og klesvask og heile regla.”

“Nei,” sa Kristina, “du finn ikkje meg
på veg opp til alters med tunge steg
for å ekta ein innavla heimføding.
Han som skal prøva å gje meg ein ring

Må vita å vaska sine eigne klede,
og helst vera ute av mors lune rede”.
“Du vert aldri gift,” sa Beate og klukka.
“Nei, der har du vel rett,” sa Kristina og sukka.

Så bar det på heimveg med alle i hop.
Då sommaren kom, gjekk ho Mette på dop,
og Aili var flytta til Oslo med mora.
På ferie heime var ho den kule,
Beate vart att i dei gamle spora,
men Kristina reiste til Vadsø på skule.

Balladen om Johnny frå Båtsfjord

Johnny vart fødd ei vinternatt
under ei stjerne som likna eit ratt.
Johnny elska alt med ein motor i,
køyrde skuter åleina før han var ti,
han fekk ein moped til konfirmasjonen,
men fekk ikkje lappen før han var nitten
på grunn av den der kjipe situasjonen
(teken av purken, utsett oppkøyring, all den dritten)

Johnny gjekk i mekanikarlæra
på statoilstasjonen, han sette si æra
i å fiksa alt, han fekk løn for strevet,
men då han skulle ta svennebrevet
laut han til Vadsø: Det var det siste,
å læra å skriva det hendene visste.

*    *    *

Han sette seg inn i sin Opel Ascona
seksogåtti coupe, med
sota vindauge,
hekkspoiler,
senka,
aluminium felgar,
lågprofil dekk,
trimma
trimma…

Han drog ifrå Båtsfjord
Han drog over Ordo
Han kom ned til… Austertana
Han kom til Tanabru, han kom til Skiippagurra, han kom til Varangerbotn
Han kom til Nesseby (Únjarga!), han kom til Jakobselv (Annejokka!), han kom til Vadsø

*    *    *

Johnny hadde mor og far
Akkurat som andre har
han drog heim til Båtsfjord anna kvar fredag
med baksetet fullt av skitne klede

Der fekk han finnbiff og saltfesk hjå mor si og
gode råd hjå han far, han sa:

«Johnny, ikkje skrik når andre kan sjå deg,
ikkje la nokon køyra ifrå deg.
La ikkje viktig arbeid vente,
rot deg ikkje bort i ei samejente».

*    *    *

Johnny hadde ein god kamerat
som gjorde teneste som FN-soldat
i KFOR-styrka i Pristina
Det var heime hjå han at Johnny møtte Kristina

Ho var ifrå Bergeby, svart i håret
lita og nett og gjekk første året
på lina for helse- og omsorgsfag
dei møttest etter skulen, kvar dag.

Så fekk ho køyra i opelen
den korte vegen til hybelen
i ghettoen, der båe budde,
men at han var trufast, var det ingen som trudde,

dei sa: Han er snart tjue og kjem frå kysten
Ho er seksten. Han mister snart lysten
på kalvekjøtet og finn seg ei anna
Kristina høyrde dei. Ho vart forbanna.

Så var det ei helg at han ikkje fór heim.
Han skulda på dårleg registerreim
då mora ringde han fredagsefta,
Kristina høyrde han lyga, og kjefta:

Lyg du til mor di, så lyg du til meg,
han sa: Veit du kva ho seier om deg?
Ei hore, sa Kristina. Eg kan då høyra!
Du Johnny – skal ikkje me to køyra
ein liten tur ut til Kibergnesset?
Lufta oss, få ut det jævla stresset?

Johnny og Kristina køyrde utover
alt den gamle Asconaen tolte
Neste år fér eg til Båtsfjord, sa Johnny,
og Kristina: Fetteren min fridde i går.

Johnny ga gass, og Kristina drog
i handbrekket nett der det skiltet sto
som viste at dei var i Komagvær,
og kvifor ikkje akkurat der?

Komagar for henne, og værret for han,
dei fann dei i lag ved ein lang, aude strand
Johnny på ryggen, Kristina på magen
liggjande saman den siste dagen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s