Flukt

Forsommar. Når himmelen såg slik ut, var det ikkje anna å gjera. Dei laut krypa ut på taket og sitja der drøymande, som klønete fuglar langs mønet, og stirra ut over byen og fjorden og åsane bak.

”Har du tenkt på kva du skal gjera til hausten?”

Galskapen. Den fullkomne galskapen som kom av dette evindelege lyset som gjorde ende på tida og skein tvers gjennom dag og natt. Snart kom nokon til å stå vaklande der, på kanten av taket, ytst på mønet, over ura av gamalt skrot inntil husveggen, dei andre skrikande, tryglande, kjeftande. Blod, spy, tårer, sæd. Ho overraskar seg sjølv litt med å vera den som står der og vippar.

Ho sit framme i bilen til Tom og dei stoggar ute ved moloen.

”Eg skal bli flyvertinne,” skrik ho idet han trengjer seg på ho og ein sko fell mellom setene.

Ho har nett stått opp.

Byen er flat under henne, fargane på husa er mjuke. Ho kan sjå langt herifrå. Ho kjenner seg lett.

”Eg kan sjå langt herifrå,” seier ho.

”Ikkje no lenger,” seier Tom og stig ut av bilen.

Læraren peiker på stjernekartet. ”Sirius, kalla hundestjernen, ligg over åtte lysår frå jorda, men er likevel den stjerna som lyser sterkast på himmelen.”

”Du går ingen stader før du har lufta hunden,” seier mor hennar.

Det er vorspiel, det er folk på byen, det er fiskarar på hamna, det er onsdag. ”Lille laurdag” sa dei, den gongen det enno fanst kvardag og helg.

Dei snakkar om filmar, ”Mitt liv som hund”, om Laika, romhunden Laika, som aldri møtte hundestjernen Sirius.

”Eg drøymde at eg var ein hund,” seier ho.

”Det er ikkje sant at Laika svalt i hjel,” seier Anders. ”Ho døydde av hjartestans. Av sjokk. Nesten med ein gong dei skaut ho opp.”

Ho ser ned på stokkane, den øydelagde båten, den rustne sykkelen, kaninburet. Ein skistav.

”Sigrid!” ropar mora. ”Frukost!”

Ho kjenner seg sliten.

Ho kjenner seg skiten.

Ho veit ikkje kva dag det er.

”Eg trur eg skal ta folkehøgskule,” seier ho.

Det vert kaldt. Det skyar over.

Ho ser seg sjølv i spegelen.

Ho ser ei anna i spegelen.

”Er det frukost snart?” spør Tom.

Byen er så liten. Seks drosjer. Tre pubar. Eitt hjarta.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s